Hopp til innhald

Kristeleg Folkepartis Ungdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristeleg Folkepartis Ungdom

LandNoreg
Partileiar(ar)Ragnar Horn
Grunnlagt8. desember 1946
HovudkvarterOslo
Medlemstal1 574 (2025)[1]
Ideologikristendemokrati Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-høgre

Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU)[a] er ungdomspartiet til Kristeleg Folkeparti (KrF). Det vart skipa i 1946. KrFU er eit kristendemokratisk parti som plasserer seg i sentrum av norsk politikk.

Ungdomspartiet er medlem av den Europeiske paraplyorganiasjonen YEPP, og samarbeider med sine nordiske søsterparti gjennom KDUN.

KrFU er eit kristendemokratisk parti. Den kristendemokratiske ideologien er ein sosial, verdiorientert ideologi som plasserer KrFU (saman med KrF) i sentrum av norsk politikk. KrFU er, som andre ungdomsparti, meir radikale enn sitt moderparti, og for KrFU gjeld det spesielt innan utvikling og miljø.

Viktige saker som karakteriserer KrFU:

  • Grunnlovsfesting av retten til liv.
  • Ansvarleg og radikal miljøpolitikk.
  • Omfordeling av ressursane i verda, gjennom auka bistand, meir gjeldsslette og handel med utviklingsland.
  • Eit likestilt samfunn der alle har like moglegheiter, uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn eller seksuell legning.
  • Ein meir human og meir solidarisk flyktning- og asylpolitikk.

Organiasjon

[endre | endre wikiteksten]

KrFU sin organisasjon er delt opp i tre ulike nivå; sentralleddet, fylkes- og lokallag.

Sentralleddet består av eit arbeidsutval, samansett av leiar og nestleiarar – og eit sentralstyre. Både sentralstyre og arbeidsutval blir valt på det årlege landsmøtet. KrFU har sitt landskontor i Øvre Slottsgate 18-20.

 
  1. samisk Risttalaš Álbmotbellodaga Nuorat (RAN), kvensk Kristilisen Kansanparttiin Nuoriso (KrKN)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]