Kristen Chr. Kopseng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristen Chr. Kopseng
Fødd6. oktober 1862
Statsborgar avNoreg

Kristen Christoffersen Kopseng (6. oktober 186221. august 1940) var ein lærar, gardbrukar og politikar frå Eggedal i Buskerud. Han var stortingsrepresentant i til saman tolv år, fyrst ein periode for Frisinna Venstre, og seinare i tre periodar for partiet Høgre.

Kopseng var son til ein gardbrukar. Han gjekk ut frå seminaret i Asker i 1885 og var lærar i Krødsherad 1886-88. Han flytta då til Sigdal og var lærar der, og tillegg gardbrukar då han vart inngift på garden Hunstad. Mange år seinare, i 1918, kjøpte han garden Haug i Sigdal og busette seg der. Kopseng var i mange år formann i skulestyret og i 21 år formann i det lokale ungdomslaget. Han var medlem av heradsstyret i tida 1911-19, og vararordførar.

Vinteren 1910 møtte Kopseng på Stortinget i to veker som varamann for Bernhard Tandberg, og i 1912 møtte han på tinget frå 14. juni og resten av 1912-sesjonen, medlem av Landbrukskomiteen. Valperioden 1913-15 representerte han Hallingdal krins og Frisinna Venstre på Stortinget, medlem i Gasje- og pensjonskomiteen. Frå 1919 til -27 møtte han på tinget for Høgre, perioden 1919-21 frå Hallingdal i Justiskomiteen og deretter frå Buskerud fylke og Protokollkomiteen, sekretær 1922-24.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]