Kristen Fløgstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristen Fløgstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1947 (77 år)
Lunde i Telemark, Telemark fylke
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972, EM i friidrett 1969, EM i friidrett 1971, EM i friidrett 1974, EM i friidrett innendørs 1973

Utmerkingar

Bislett-medaljen, Vest-Agder fylkes kulturpris, Kongepokal

Kristen Fløgstad (fødd 11. april 1947 i Lunde i Telemark) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Søgne i Vest-Agder som tevla i lengdehopp og tresteghopp. Han vann NM i tresteghopp ti gongar: 1968, 1970-71, 1973-76, 1979-80 og 1982, lengdehopp seks gongar: 1967-68, 1973 og 1975-77, og vann kongepokalen for sin meisterskapsrekord i lengde i 1968. I alt vann han 27 medaljar (16-6-5) i lengde og tresteg i noregsmeisterskapar mellom 1967 og 1984. Fløgstad sin personlege rekordar er 8,02 m i lengdehopp og 16,44 m i tresteg. Han representerte Søgne idrettslag, IL i BUL og frå 1971 Kristiansands Idrettsforening.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fløgstad slo gjennom då han i 1967 i Trondheim vann NM-gull i lengdehopp på 7,23 m, ein centimeter lengre enn sølvvinnaren. Året etter vart han norsk meister både i lengde og tresteg, i begge øvingane hadde han to centimeters klaring til sølvvinnarane. For sitt vinnarhopp på 7,53 i lengdegropa fekk han kongepokalen. Gjennom denne OL-sesongen 1968 forbetra han sine personlege rekordar til 7,69 m i lengde og 15,94 i tresteg.

I åra frå 1969 til -74 deltok han i tresteghopp i alle dei store internasjonale meisterskapane. Han passerte 16-metersgrensa i den fyrste av desse meisterskapane, EM 1969 i Athen, då han under kvalifiseringa landa på 16,04 m, men han klarte ikkje å fylgje opp prestasjonen i finalen og vart nummer 11. I dei to neste europameisterskapane, 1971 og -73, kom han på 13. og 14. plass.

Sitt beste internasjonale resultat oppnådde Fløgstad under sommar-OL 1972 i München då han kom på åttandeplass. I slutten av juni månad hadde han sendt Martin Jensen sin sju år gamle noregsrekord på 16,27 m over i historiebøkene, då han i Stockholm vann trestegtevlinga i landskampen mellom Sverige og Noreg noterte seg for 16,39 m. Denne rekorden forbetra Fløgstad med to cm i kvalifiseringa til finalen, før han i finalen hoppa endå lenger, den nye noregsrekorden vart då 16,44 m. Fløgstad sitt rekordhopp i München 4. september 1972 gjaldt som norsk rekord i nær 21 år, til dess Ketill Hanstveit i 1993 strekte seg til 16,47 m i Drammen.

Tidleg i juni 1973 forbetra Føgstad den personlege bestenoteringa i lengdehopp til 7,78 m under eit stemne i Bratislava. Det kom likevel som ei stor overraskinga at han den 4. august slo den årsgamle noregsrekorden til Finn Bendixen med fem cm og vart den fyrste norske lengdehopparen som hoppa over åtte meter. Under semifinalen i europacupen for landslag på Bislett stadion i Oslo kom han på andreplassen då landa han på 8,02 m i fin, men godkjend medvind på 1,7 sekundmeter. Denne rekorden har ingen makta slå dei neste 39 friidrettssesongane. Fløgstad sin lengderekord frå 4. august 1973 er den eldste individuelle noregsrekorden i friidrett per 2012.

Plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1967: Gull i lengdehopp (7,23 m) framom Terje Haugland (7,22 m)
  • 1968: Gull både i lengde (7,53 m) framom Terje Haugland (7,51 m), og i tresteg (15,32 m) framom Kjell Arthur Paulsen (15,30 m). Fekk kongepokalen for vinnarhoppet i lengde.
  • 1969: Sølv i tresteghopp (15,59 m), same lengda som noregsmeisteren Martin Jensen
  • 1970: Gull i tresteghopp (15,55 m) framom Martin Jensen (15,33 m)
  • 1971: Gull i tresteg (15,74 m) framom Rune Wiborg (15,48 m), bronse i lengde (7,36 m)
  • 1972: Bronse i tresteg (15,67 m), bakom Wiborg (15,80 m) og Sigurd Langeland (15,73 m)
  • 1973: Gull både i lengdehopp (7,80 m) og tresteghopp (15,31 m)
  • 1974: Gull i tresteghopp (16,02 m)
  • 1975: Gull både i lengdehopp (7,69 m) og tresteghopp (15,86 m)
  • 1976: Gull både i lengdehopp (7,41 m) og tresteghopp (15,90 m)
  • 1977: Gull i lengde (7,50 m), samt sølv i tresteg (15,79 m) bakom Sigurd Langeland (15,87 m)
  • 1978: Sølv både i lengdehopp (7,50 m) og tresteghopp (15,40 m)
  • 1979: Gull i tresteg (15.89) framom Sigurd Langeland (15,75 m), samt sølv i lengde (7,35 m)
  • 1980: Gull i tresteghopp (15,11 m) og bronse i lengdehopp (7,26 m)
  • 1981: Bronse i tresteghopp (15,23 m)
  • 1982: Gull i tresteghopp (15,45 m) framom Torstein Dahle (15,27 m)
  • 1983: Bronse i tresteghopp (15,10 m)
  • 1984: Sølv i lengdehopp (7,49 m) og bronse i tresteghopp (15,34 m)


I 1973 vart Fløgstad tildelt Bislett-medaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]