Kristen Gundelach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristen Gundelach

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1891
Kristiansund kommune
Død

9. april 1971 (79 år)
Oslo

Yrke omsetjar, lyrikar
Politisk parti Nasjonal Samling
Kristen Gundelach på Commons

Kristen Christen Larsen Gundelach (fødd 20. september 1891 i Kristiansund, død 9. april 1971 i Oslo) var ein norsk lyrikar, omsettar og skribent. Hans ettermæle er prega av han var aktiv i Nasjonal Samling sitt kulturarbeid 1940-45.[1]

Gundelach debuterte med diktsamlinga Liv og lek i 1916, og skreiv fleire diktsamlingar, òg i sonettform. Han omsette lyrikk frå tysk, fransk, italiensk og spansk, og blir i dag kanskje best huska for sine versjonar av Goethes Faust (1943 og 1957), Dantes Den guddommelige komedie (utvalg, 1953) og Vergils Aeneiden (utvalg, 1967). Han skreiv òg, under ulike pseudonym, kriminal- og underhaldningslitteratur. Eit av desse var Christen Larsen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]