Kristen teologi
Utsjånad
Med kristen teologi meiner ein både studiet av teologi ut frå ein kristen synsvinkel og studiet av kristendommen med ein teologisk metode. Den kristne teologien var særskild viktig i det før-moderne Europa, og påverka samfunnet i stor grad, samstundes som han i seg sjølv spegla dette samfunnet.
Inndeling
[endre | endre wikiteksten]Teologien kan delast inn på ulike måtar. Det er mellom anna vanleg å organisera han etter dei tre oldkyrkjelege truvedkjenningane i ein treledda struktur: Gud Fader, Jesus Kristus, den heilage anden.
1. artikkel[endre | endre wikiteksten] |
2. artikkel[endre | endre wikiteksten] |
3. artikkel[endre | endre wikiteksten] |
Disiplinar
[endre | endre wikiteksten]Kristen teologi blir gjerne delt inn i ei rekke disiplinar. Det varierer mellom ulike kyrkjesamfunn kva område dei legg mest vekt på.
- Angelologi – studiet av skapte, andelege vesen, som englar, demonar og Djevelen.
- Antropologi – studiet av menneskja, i samband med teologien sett i høve til det guddommelege
- Bibliologi – studiet av sjølve Bibelen og den inspirerte bakgrunnen for han
- Ekklesiologi – studiet av kyrkja, særleg sambandet hennar til Gud, og strukturen hennar
- Eskatologi – studiet av dei siste ting, universelt (endetida) og individuelt (døden og det neste livet)
- Hagiologi – studiet av helgenar
- Hamartiologi – studiet av synd
- Kristologi – studiet av Jesus Kristus og hans natur
- Mariologi – studiet av Jomfru Maria
- Pneumatologi – studiet av den heilage anden
- Soteriologi – studiet av frelse
- Theodiké – studiet av vondskapens natur
- Teologi – studiet av Gud
Metodar
[endre | endre wikiteksten]Dei vanlegaste metodane som blir brukt er:
- Kristen apologetikk – studiet av kristen teologi i høve til andre verdssyn med det for auget å legga fram forsvar for kristen tru og å utfordra andre si tru
- Bibelsk hermeneutikk – studie av teologi gjennom Bibelen ut frå eit førehandsbestemt sett med reglar eller prinsipp for tolking
- Bibelsk teologi – studie av teologi slik han blir presentert og utvikla gjennom Bibelen, med særskilt fokus på progressiv openberring
- Dogmatisk teologi – studie av dogmatisk lære slik ho har utvikla seg i ulike kyrkjesamfunn
- Konstruktiv teologi – ei postmodernistisk tilnærming til systematisk teologi, der ein bruker for eksempel feministisk teori, dekonstruksjonisme og hermeneutikk på teologiske emne
- Historisk teologi – studie av teologi slik han har utvikla seg gjennom historia
- Narrativ teologi – studie av ein forteljande presentasjon av trua framfor den dogmatiske presentasjonen
- Pragmatisk teologi (eller praktisk teologi) – studiet av teologi i høve til det å verka som prest/forkynnar
- Systematisk teologi – emnebaserte studie
Teologiske retningar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bokmålswikipedia: Teologi og kristen teologi
- Engelsk Wikipedia: Christian theology