Kristent Konservativt Parti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristent Konservativt Parti
LandNoreg
Grunnlagt1965
Nedlagt26. september 1998
Ideologikristne høgre, sosialkonservatisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida

Kristent Konservativt Parti er eit tidlegare politisk parti i Noreg. Partiet oppstod i 1989 då minipartiet Fredspartiet endra namn. På denne tida kravdest det 5000 underskrifter for å registrera eit nytt parti. Derimot kravdest det ingenting for å endra partinamn. Derfor skjedde det ved fleire høve at nye småparti omgjekk underskriftskravet ved formelt å ta over partinamnet til andre småparti som låg brakk, og så endra namnet.[1] Arkivert 2006-12-21 ved Wayback Machine. Fredspartiet hadde på denne måten oppstått gjennom fleire namneskifte frå det opphavleg registrerte Noregs Demokratiske Parti.

Kristent Konservativt Parti stilte til val ved stortingsvala i 1993 og 1997. I 1993 fekk det 1974 røyster (0,08 %), i 1997 fekk det 1386 røyster (0,05 %).

Det vart fusjonert med Samlingspartiet Ny Fremtid den 26. september 1998 til Kristent Samlingsparti.

Partiet hadde aldri noka stor oppslutting, men seinare stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle, blei i si tid vurdert som toppkandidat i Hordaland.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.