Kristi forklaring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kristi forklåring)
Transfigurasjonen måla av Tizian, ca. 1560

Kristi forklaring, også kalla «Metamorfosen» og «Transfigurasjonen», er ein kristen festdag til minne om ei hending der «Læresveinane får sjå Jesu herlegdom», der Lukas-evangeliet fortel at «medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite.»[1] Hendinga er skildra i alle dei synoptiske evangelia. Ifølgje bibelhistoria høyrer denne hendinga til før påskedag (jfr. Matteusevangeliet kap. 17).

Ikon av transfigurasjonen av Theofanes grekaren frå 1400-talet.

Kristi forklaringsdag blir feira 6. august i mellom anna den katolske og den anglikanske kyrkja. I den norske kyrkja blir Kristi forklaringsdag idag feira siste sundagen før fastelavn.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Evangeliet etter Lukas, Kapittel 9:28-36», Bibel - Nettbibelen, henta 21. januar 2019 
  2. «Om kirkeåret», Den norske kirke (på norsk bokmål), henta 14. februar 2023