Hopp til innhald

Kristi himmelferdsdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kristi himmelfartsdag)
'Himmelferda' av Giotto di Bondone (1267-1337)..

Kristi himmelferdsdag eller helgetorsdag, som dagen tradisjonelt er kalla i liturgisk språk, er ein kristen rørleg helgedag som vert feira torsdag 39 dagar etter første påskedag. Han vert feira til minne om at Jesus Kristus ifylgje Evangeliet etter Lukas skal ha fare opp til himmelen førti dagar etter oppstoda si.[1]

Festen vart truleg innført på 300-talet, da enkelte kristne kyrkjer byrja å feire han som eigen fest. Det fyrste kjende dømet på at denne finst i ein liturgisk kalender, er frå byrjinga av 300-talet, då synoden i Elvira avviste ein skikk med å byrje ein ny fasteperiode etter den førtiande dagen. Grunnen for ei slik faste ser ut til å ha vore at ein ville markere at Kristus var teken vekk frå jorda. Feiringa vert òg nemnd i preiker av St. Johannes Krysostomos og andre.

Kristi himmelferdsdag er helgedag i Noreg. Ofte blir dagen berre kalla «Kristi himmelferd»[2] eller «Kristi himmelfart».[3] Denne dagen er ikkje flaggdag i Noreg.

Pinse er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja.

Datoar for Kristi himmelferdsdag

[endre | endre wikiteksten]

Kristi himmelferdsdag blir feira 39 dagar etter første påskedag (altså førtiande påskedag), det vil seia torsdagen ti dagar før første pinsedag. Kristi himmelferdsdag fell som regel i mai, men kan også falla på ein av de tre første dagane i juni. Dette skjedde sist i 1943, 2000 og 2011, og skjer neste gong i 2038. Høgtida kan også falla på den siste dagen i april, men dét skjedde sist i 1818 og vil ikkje skje igjen før i 2285.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ Luk 24,51 Sjå òg Luk 24,36 og Apg. 1,3.
  2. ↑ «Heilag handling – heilag tid – heilagt rom» (PDF), Gudstenestebok for Den norske kyrkja 2020, s. 7
  3. ↑ Røyseland, Halstein (11. desember 2009): «Hva betyr himmelfartsdagen?» Arkivert 2014-05-29 ved Wayback Machine., Varden.no