Kristi lekamsfest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utstilling av Det heilage altersakramentet i domkyrkja Notre-Dame-de-Strasbourg.
Prosesjon i høve Kristi lekamsfest i Bamberg i 2007

Kristi lekamsfest, eller Corpus Christi, forkorting for Sollemnitas Sanctissimi Corporis et Sanguinis Christi («høgtida for Kristi lekam og blod») , tidlegare Festum Sanctissimi Corporis Christi («høgtida for Kristi lekam» eller «høgtida for den heilage lekamen») er ei katolsk høgtid som feirar det som i den katolske læra er Kristi tilstadevere i den heilage eukaristien, gjennom læra om transsubstansiasjonen.[1] Høgtida byrja som ei lokal feiring, og blei utvida til heile kyrkja ved ein pavebulle i 1264 [2][3]

Prosesjonar[endre | endre wikiteksten]

Eit vanleg innslag i katolske samanhengar i tillegg til sjølve den liturgiske kyrkjefeiringa er ein folkeleg prosesjon med den konsekrerte hostien i monstrans og gjerne under ein baldakin gjennom gater og vegar ved kyrkjelyden. Denne prosesjonen på Kristi lekamsfest kom litt seinare til enn sjølve festen. Mellom 1275 og 1278 blei den første prosesjonen halden i stiftet St. Gereon i Köln. Under aspergesprosesjonen blei sakramentet bore i spissen for prosesjonen mellom relikvia. Kannikane i St. Gereon utbreidde denne stadig meir vanlege skikken på Kristi lekamsfest. Etter Tridentinarkonsilet blei prosesjonen ein demonstrasjon av katolsk trosiver.[4]

I Tyskland under nasjonalsosialismen blei kristilekamsprosesjonar av mange sett på som ein trusdemonstrasjon mot det nasjonalsosialistiske verdsynet og diktaturet.[5][6] I Köln blei deltakinga til slutta skulegrupper i kristilegemsprosesjonar forboden frå og med 1936, sidan nasjonalsosialistane såg på det som ein provokasjon.[7]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Høgtida blir vanlegvis feira seksti dagar etter påske (første torsdag etter Treeiningssundag), medan mange stader, særleg i land der Den katolske kyrkja er ei minoritetskyrkje som i Noreg, blir dagen feira den følgjande sundagen.

I land med stor katolsk folkesetnad er dagen ein offentleg fridag, blant anna i Brasil, Bolivia, Bosnia-Hercegovina, Colombia, Den dominikanske republikken, Haiti, Kroatia, Liechtenstein, Panama, Peru, Polen, San Marino, delar av Spania og Sveits, Grenada, Saint Lucia, Trinidad og Tobago, deler av Tyskland, Austerrike og Aust-Timor.

Kristi lekamsfest blir òg feira i den gammalkatolske kyrkja, den liberalkatolske kyrkja og blant nokre ortodokse kristne som følgjer ein vestleg rituell tradisjon. Dei katolske austkyrkjene, som er del av den katolske kyrkja og dermed har den same underliggjande teologi som grunngjev treeiningsfesten, har ikkje feiringa i sin kalender. Nokre av dei feirar henne likevel.

Dagen er òg i den liturgiske kalenderen til nokre anglikanske kyrkjer, særleg Den engelske kyrkja.[8]

Martin Luther gjekk ut mot prosesjonar med dei konsekrerte nattverdselementa.

Festen var likevel med i lutherske liturgiske kalendrar fram til rundt år 1600.[9]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.binetti.ru/collectio/liturgia/missale_files/crg5.htm. 
  2. Robert E. Alexander; John A. Elliott (1. april 2018). Livio Orazio Valentini: An Artist's Spiritual Odyssey (på engelsk). University of South Carolina Press. s. 43. ISBN 9781611178999. OCLC 1019855530. Arkivert frå originalen 21. juni 2019. Henta 21. juni 2019. 
  3. «Italy's Orvieto miracle inspires thousands during jubilee». Rome. 7. oktober 2013. Arkivert frå originalen 7. oktober 2013. Henta 21. juni 2019. 
  4. Per Einar Odden: Kristi legemsfest, katolsk.no, 19. mars 2001, oppdatert 14. juni 2017, lest 7. juni 2020.
  5. http://www.swr.de/contra/-/id=7612/nid=7612/did=6415764/11jkdd2/index.html. 
  6. (PDF; 418 kB) http://www.blattwelt.de/siegburger_blaetter/nr_21.pdf. 
  7. Franz Schnellbächer: Schüler der Anstalt von 1933 bis 1941. I: Städtisches Hölderlin-Gymnasium, Köln (80)-Mülheim (utg.): 75 Jahre Städtisches Hölderlin-Gymnasium Köln-Mülheim. Köln 1987, s. 74–82, her s. 80 f.
  8. The Church of England: Festivals
  9. Frank Senn: Christian Liturgy: Catholic and Evangelical, Fortress Press, 1997. s. 344. ISBN 0-8006-2726-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Guido Fuchs: Fronleichnam. Ein Fest in Bewegung. Pustet, Regensburg 2006, ISBN 3-7917-1992-0.
  • Jean Bertholet: Histoire de l'institution de la Fête-Dieu, Liège, 1746.
  • Marie-Nicolas Bouillet et Alexis Chassang (red.), «Fête-Dieu», i Dictionnaire universel d’histoire et de géographie, 1878
  • Fondation Anne-Gabrielle et Nicola-V. Bretz-Heritier :Fête-Dieu à Savièse, histoire d'une communauté solidaire fidèle à ses valeurs et à ses traditions" Éditions de la Chevignine, CH-1965 Savièse, 2008, ISBN 978-2-9700615-0-2
  • AA.VV., Studi Eucaristici. Atti della Settimana internazionale di Alti Studi teologici e storici, Torino, Tipografia Fratelli Scaravaglio & C., 1966.
  • J.A. Weisheipl, "L’Ufficio del Corpus Domini redatto ad Orvieto da san Tommaso d’Aquino (testi da J.A. Weisheipl e J.-P. Torrell)", i Tommaso D’Aquino. Vita, pensiero, opere, Milano, Jaca Book, 1988, s. 182-190.
  • Maurizio Magnani: Spiegare i miracoli. Interpretazione critica di prodigi e guarigioni miracolose, Bari, Edizioni Dedalo, 2005, ISBN 88-220-6279-5.
Omtale ved katolsk.no