Kristian Ørud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Ørud
Fødd27. februar 1878
Død2. juli 1946 (68 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Kristian Ørud (27. februar 18722. juli 1946) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Østre Toten. Han var ordførar i Østre Toten åra 1923-25 og stortingsmann frå Oppland fylke og for Bondepartiet i tida 1922–36.

Han voks opp på garden Ørud, som faren hadde kjøpt i 1879. Etter han hadde gått to år på amtsskulen og teke kurs ved landbrukshøgskulenÅs, tok han over farsgarden i 1904 og dreiv garden i lang tid.

Ørud var medlem av heradsstyret frå 1913 til 1928, perioden 1923-25 var han ordførar. Då Bondepartiet vart skipa i 1920, gjekk han i bresjen for det nye partiet i Oppland, og var fylkesformann for Oppland bondeparti i heile 17 år; 1921-38. Valperiodane 1922-24 og 1925-27 var han fyrste varamann til Stortinget frå Oppland, og møtte bolkevis i fem av dei seks stortingssesjonane. Frå 1928 til 1936 hadde han fast tingplass. Til 1933 var han medlem i Post-, telegraf- og kystfartkomiteen, medan han i 1934-36 var medlem i Militærkomiteen.

I 1939 vart Ørud utnemnd til styrar av Noregs Bank si avdeling på Gjøvik, ei stilling han hadde til 1945. Han var medlem av Nasjonal Samling, og kom i 1945-46 under etterforsking. Saka var ikkje ferdig etterforska då han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]