Kristian Andersen Grimsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Andersen Grimsø
Fødd 12. oktober 1850
Død

30. juli 1927

Yrke politikar, bonde

Andreas Kristian Andersen Grimsø (12. oktober 185030. juli 1927) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Burøya i Steigen. På Stortinget representerte han Venstre og var ein av dei leiande i partiet i dei femten fyrste åra etter 1905.

Grimsø var son til ein lærar. I yngre år dreiv han fiskeri, og var båtførar og kjentmann i kystfart. Frå 1881 var han gardbrukar på Grimsøy i Vega. Han var medlem av heradsstyret i Vega frå 1885, ordførar frå 1887 til 1904. Dessutan var han medlem av forlikskommisjonen 1890-93 og frå 1896, styreformann i sparebanken frå 1893.

Grimsø møtte første gongen på Stortinget i juli 1895, og på ny frå 13. mars 1897, begge gongane som varamann for Nordlands amt. Åra 1898-1906 representerte han amtet på Stortinget. Han heldt fram på tinget som Søndre Helgeland krins sin representant frå 1906 til -21. 1898-1903 var han medlem av Lagtinget. Frå 1913 til -21 var han president i Lagtinget. Han var med i næringskomite nr 1 frå 1898 til 1912, åra 1903-06 som sekretær, 1906-08 og 1910-21 som formann. Elles medlem av valkomiteen 1900-21, fullmaktskomiteen 1913-21 og utanrikskomiteen 1916-21. I 1903 deltok han i Stortinget sin deputasjon til opninga av Ofotbanen, og 1905 i deputasjonen som forhandla i København om ein dansk prins skulle kunne overta den norske trona.

Grimsø var medlem av Lofotkommisjonen av 1891, kyrkjekommisjonen av 1908 og utanrikskommisjonen 1912. Frå 1907 til -26 var han medlem av Hypotekbanken sitt råd, 1911-26 var han medlem i Riksskattestyret. Under og etter fyrste verdskrigen var han med i fleire sentrale, statlege komitear.

Han gav i 1927 ut boka Erindringer fra mine 25 aar paa Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]