Kristian August Eilertsen
| Kristian August Eilertsen | |||
| Fødd | 4. august 1994 (31 år) | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Framstegspartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Kristian August Eilertsen (fødd 4. august 1994) er ein norsk politikar for Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Troms ved stortingsvalet 2025.[1]
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Eilertsen vart tidleg aktiv i Framstegspartiets Ungdom (FpU) i Troms, der han også hadde leiarverv.[2] Han har sidan 2023 vore gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Frp i Troms.[3]
Kontroversar
[endre | endre wikiteksten]I 2018 skreiv iTromsø om ei kvinne som hadde varsla om seksuell trakassering frå Eilertsen då han var FpU-leiar i Troms. Ho hevda å ha vorte utsett for uønskte tilnærmingar og seksuelle utsegner. Eilertsen avviste skuldingane.[4]
Det same året publiserte Harstad Tidende eit intervju med ei kvinne som fortalde at ho som 16-åring opplevde uønskt merksemd frå Eilertsen på eit FpU-arrangement i 2015. Ho hevda at han freista å kyssa henne og uttalte at «om ein skal verta noko, så må ein liggja seg til toppen». Ei venninne stadfesta overfor avisa at Eilertsen hadde oppført seg upassande.[2] Eilertsen erkjende at han hadde drukke for mykje alkohol på arrangementet og bad om orsaking for åtferda si, men avviste påstandane om forsøk på kyssing og fysisk maktbruk som «absurde».[2]
I samband med #MeToo-rørsla melde NRK at fire kvinner sende formelle varsel til Frp om ubehagelege hendingar med Eilertsen i tenåra. I eitt tilfelle hadde han send ei melding med teksten «Sex?» til ein 14-åring. Eilertsen uttalte seinare at meldinga var meint som ein spøk, og at han orsaka.[5]
Saka vart også behandla i Pressens faglige utvalg (PFU) etter klage på dekninga til iTromsø.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kristian August Eilertsen». Stortinget.no.
- 1 2 3 Olsen, Lars Richard (26. mars 2018). «Han bør ikke ha en fremtid i politikken». Harstad Tidende (på norsk). Henta 28. september 2025.
- ↑ Wikan, Håkon (29. september 2023), «(+) Kristian Eilertsen blir gruppeleder for Troms Frp», ht.no (på norsk bokmål), henta 22. februar 2026
- ↑ Holth, Elisabeth (12. november 2018). «FpU-topp anklages for seksuell trakassering». iTromsø (på norsk). Henta 28. september 2025.
- ↑ «Flere kvinner varsler om Frp-politiker». NRK (på norsk). 2018. Henta 28. september 2025.
- ↑ «PFU-sak 188/18 – iTromsø mot Kristian Eilertsen» (på norsk). Pressens Faglige Utvalg. 2018. Henta 28. september 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Kristian August Eilertsen» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2026.