Kristian Christiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Christiansen
Fødd1. januar 1888
Larvik
Død10. oktober 1966 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Kristian Albert Christiansen (1. januar 188810. oktober 1966) var ein norsk arbeidar frå Larvik som var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet 1928-30 og 1934-45.

Far til Christiansen arbeidde på sagbruk, og sjølv byrja han 14 år gammal å arbeide på sagbruk tilhøyrande Treschow-Fritzøe. Seinare fekk han tilsvarande jobb på Norsk Impregneringskompani, også det sagbruket i heimbyen Larvik, der han frå 1942 var arbeidsformann.

Christiansen var medlem av bystyret i Larvik 1920-40, 1945-59. Mellom 1923 og 1953 var han fleire gongar varaordførar, før han 1954-55 var ordførar i Larvik. Elles var han styreformann i Gassverket i Larvik og medlem i fattigstyret, folkebibliotekstyret og Den norsk-danske ferjekomiteen. Frå 1923 til -29 var han styreformann i bladet Nybrot.

I 1927 vart Christiansen vald til stortingsmann for dei fem kjøpstadene i Vestfold for Arbeidarpartiet. Då Arbeidarpartiet gjekk noko tilbake ved neste stortingsval, mista han tingsetet. Derimot lukkast verte vald på ny i 1933 og attvald i 1936. Han var i alle år på Stortinget medlem i Militærkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]