Kristian Halvorssen Svenkerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Halvorssen Svenkerud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. august 1798
Åsnes kommune
Død

2. april 1886 (87 år)
Våler kommune

Yrke politikar, lærar, bonde
Språk norsk

Kristian Halvorssen Svenkerud (25. august 17982. april 1886) var ein lærar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Åsnes i Hedmark. Han var farfar til Otto H. Svenkerud.

Han var son til ein gardbrukar på Sjøli i Åsnes. Sjølv var han 1817-24 skulehaldar i Våler og heldt 1835-39 privatskule i same bygda. I 1824 kjøpte han garden Svenkerud i Våler og var gardbrukar der.

Svenkerud var medlem av heradsstyret 1838-73, fråteke to år. Han var ordførar i 18 år, samt forlikskommissær. Åra 1861-72 var han sparebankdirektør. Valmann var han 1838-76.

Han representerte Hedemarkens amtStortinget 1839-42 og 1848-51. I 1839 var han medlem av komiteen om militærutgifter, både i 1842 og 1848 av militærkomiteen. På sitt siste storting, 1851, var han medlem av Lagtinget, militærkomite nr 1 og av trykkekomiteen.

Han døydde på garden sin i Våler i 1886.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]