Kristian Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristian Hansen (fødd 1973) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Sandefjord.

Hansen var spelstyrar (playmaker) på IL Runar i 12 sesongar. Gjennom desse sesongane var han med om å sikre klubben tre kongepokalar og fire seriegull.

Han fekk sin debut på Noregs landslag i august 1995 og spelte 57 landskampar i åra fram til januar 2001, skåra 62 mål. Han deltok både i Handball-VM 1997 og 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]