Kristian Henriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Henriksen
Fødd 3. mars 1911
Ski
Død

8. februar 2004

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Kristian Henriksen (3. mars 19118. februar 2004) var ein norsk fotballspelar, -trenar og politimann frå Sarpsborg, som spelte 28 landskampar i tida 1934-46 og vart cupmeister i 1945 og 1946 med Ski- og fotballklubben Lyn. Han var ein kondisjonsterk «fighter».

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Henriksen, midtstoppar med tilnamet Svarten, spelte 1928-30 på Gleng, 1931-35 på Sarpsborg Fotballklubb, 1936-37 på SK Frigg og til sist på Lyn frå 1938 til 1946. Med Sarpsborg nådde han cupfinalen i 1934 og året etter, men det vart finaletap møt høvesvis Mjøndalen Idrettsforening og Fredrikstad Fotballklubb. Størst suksess fekk han med Lyn, ein klubb som dei to fyrste sesongane etter fredsslutninga kunne stille med nokre av landslagsprofilane frå 1930-åra, og som vann NM-finalen både i 1945 og 1946.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Henriksen debuterte på landslaget då Noreg vann 4-2 over Finland hausten 1934. Han var med i troppen til Sommar-OL 1936 i Berlin, men kom aldri på bana med det legendariske Bronselaget. Derimot var han på laget då Noreg for fyrste gong deltok i fotball-VM i Frankrike i 1938. Han var med i fire landskampar etter andre verdskrigen, mellom anna då Sverige 21. oktober 1945 vann 10-0 i Solna. Etter Sverige skåra sitt niande mål skal Henriksen ha sagt «Nå satsær vi på uavgjort, guttær» til lagkameratar. Han aksla den norske landslagstrøya for 28. og siste gong hausten 1946, utan at han nokon gong skåra eit landslagsmål.

Landslagstrenar[endre | endre wikiteksten]

Henriksen var norsk landslagstrenar i 1958 og 1959, det vil seie den som leia uttaket av landslaget.

Henriksen var den siste attlevande spelaren frå OL-troppen 1936 og VM-troppen 1938.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 1945 og 1946 med Lyn
  • Tapande cupfinalist: 1934 og 1935 med Sarpsborg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Profil www.footballdatabase.eu