Kristian IX av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian IX av Danmark
Christian IX of Denmark.jpg
Konge av Danmark
Regjeringstid18631906
Fødd8. april 1818
FødestadGottorp slott
Død29. januar 1906
DødsstadAmalienborg slott
FøregjengarFredrik VII
EtterfølgjarFredrik VIII
Gift medLouise av Hessen-Kassel
MottoMed Gud for ære og ret
FarWilhelm av Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg
MorLuise Caroline av Hessen-Kassel
BornFrederik VIII
Alexandra av Storbritannia
Vilhelm (Georg I av Hellas)
Dagmar (keisarinne Maria Fjodorovna av Russland)
Prinsesse Thyra
Valdemar av Danmark

Kristian IX (8. april 181829. januar 1906) vart fødd på Gottorp slott i Schleswig-Holstein som hertug Frederik Wilhelm av Glücksburg.[1]

I 1853 vart han peika ut som dansk tronfylgjar, då kong Fredrik VII av Danmark ikkje hadde nokon direkte tronarving. I røynda var det kona, Louise av Hessen-Kassel, som hadde arverett til trona. Ho var niese av kong Kristian VIII Fredrik av Danmark.

Den 15 november 1863 vart han konge då Fredrik VII av Danmark døydde. Samstundes vart det ei ny danske kongeslekt, Glücksborgarane på den danske trona.[2]

Han var konge av Danmark frå 1863 til 1906. Kongeparet fekk borna: Fredrik VIII, Vilhelm (Georg I av Hellas), Valdemar, Alexandra, Dagmar og Thyra. Kristian IX er kjend som «Europas svigerfar». Heile fire av borna kom til å sitja på europeiske tronar. Alexandra vart dronning av Storbritannia, gift med kong Edvard VII av Storbritannia. Dagmar vart keisarinne av Russland, gift med tsar Alexander III av Russland (under namnet Maria Feodorovna).[1] I 1887 avslo prins Valdemar å eit tilbod om å verta konge av Bulgaria.

Kristian IX døydde, 87 år gamal, den 29. januar 1906 på Amalienborg og vart gravlagd i Roskilde domkyrkje i kapellet til Glucksborgarane.

Dronning Margrethe II av Danmark er ein direkte etterkommar av Kristian IX og i 1905 vart barnebarnet Carl konge av Noreg som Haakon VII.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Christian 9. frå Dansk biografisk leksikon / Den store danske
  2. 2,0 2,1 Kongehusets historie frå Kongehuset.dk
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.