Kristian J. Ramsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian J. Ramsvik

Kristian Gunerius Johansson Ramsvik (24. august 188524. juli 1966) var ein norsk kjøpmann, gardbrukar og politikar frå Råkvåg i Stjørna. Han representerte valkrinsen Sør-Trøndelag og partiet VenstreStortinget 1937-45.

Ramsvik gjekk amtsskole og arbeidde i ungdommen hos kjøpmannen i heimbygda Råkvåg. Frå 1910 dreiv Ramsvik si eigen kjøpmannsforretning med eksport av sild og andre fiskeprodukt. I 1936 tok han også over slektsgarden i Råkvåg.

Ramsvik var heradskasserar i Stjørna, revisor i Stjørna Sparebank og i Fosens Aktie-Dampskibsselskab og dessutan takstmann for Norges Brannkasse. Han var elles styreformann i Råkvåg Handelslag i 14 år og i Uttrøndelag Fartøyassuranse.

Gjennom 25 år hadde Ramsvik ein framskoten posisjon i den politiske styringa av Stjørna, fyrst som varaordførar 1912–25 og så som ordførar 1926–36. I det ordførarstyrte Sør-Trøndelag fylkesting hadde han formannsvervet 1932–36. Hausten 1936 vart Ramsvik vald til stortingsmann frå Sør-Trøndelag, der han 1937–45 var sekretær i Kommunalkomitéen. Frå pinseaftan 1944 til frigjeringa i mai 1945 sat han fengsla, fyrst på Vollan og sidan på Grini.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]