Kristjan Jaak Peterson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kristian Jaak Peterson)
Kristjan Jaak Peterson

Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 14. mars 1801
Riga
Død

4. august 1822 (21 år)
Riga

Yrke lyrikar, omsetjar, skribent
Sjanger romantikken
Kristjan Jaak Peterson på Commons

Kristjan Jaak Peterson (fødd 14. mars 1801 i Riga, død 4. august 1822 i Riga) var ein estisk poet. Han er rekna som ein viktig person i den estiske nasjonallitteraturen og grunnleggjaren av moderne estisk poesi. Den litterære karrieren hans var kort, grunna at han døydde av tuberkulose då han var 21 år. Fødselsdagen hans, 14. mars vert i Estland feira som «morsmålsdagen».[1]

Etter at Universitetet i Tartu vart gjenopna i 1802, men berre med førelesingar på tysk, vart Kristjan Jaak Peterson den fyrste universitetsstudenten som vedkjende seg det estiske opphavet sitt og bidrog på den måten til den estiske oppvakninga.[2][3]

Kristjan Jaak Peterson samla dei estiske dikta sine i to små bøker, men fekk aldri sjå dei utgjevne, sidan dette skjedde hundre år etter at han var død. Tre dikt på tysk vart utgjevne posthumt i 1823. Men eitt av prosjekta til Peterson vart fullført medan han levde, den tyske versjonen av Mythologia Fennica av Kristfrid Ganander, ei ordbok over finske mytologiske ord. Den svenske versjonen kom ut i 1789. Peterson si omsetjing av ordboka til Ganander fekk mange lesarar, både i Estland og andre land, og vart ei viktig kjelde til nasjonal ideologi og ei inspirasjonskjelde for tidleg estisk litteratur. Denne innflytnaden heldt fram til utpå 1900-talet.

Han hadde også talent innanfor lingvistikk og fekk kjennskap til fleire språk, både gamle og moderne. I tillegg skreiv han filologiske avhandlingar og prøvde å få laga ein svensk grammatikk. Dei seinare åra har dei lingvistiske manuskripta til Peterson, saman med originalversjonane av dikta og dagboka hans, vorte utgjevne i ein estisk-tysk tospråkleg versjon. Dette vart utgjeve i 2001, og nokre nye omsetjingar var med.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. O'Connor, Kevin: «Culture and Customs of the Baltic States», s.126. Westport, CT: Greenwood Press, 2006. ISBN 0-313-33125-1.
  2. Taagepera, Rein: «Return to Independence[daud lenkje]», s. 29. Boulder, CO: Westview Press, 1993. ISBN 0-8133-1703-7.
  3. Raun, Toivo U. (2003): «Nineteenth- and early twentieth-century Estonian nationalism revisited Arkivert 2019-01-12 ved Wayback Machine.», s. 129–147. Nations and Nationalism 9.1.
  4. Kristian Jaak Peterson på Estonian Literature information Center.