Hopp til innhald

Kristiania Sporveisselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hestesporvogn frå 1875 i bruk på 140-årsdagen for opninga. Majorstua i Oslo.
Trikk ved Egertorget.
Foto: Anders Beer Wilse (1907)

Kristiania Sporveisselskab (på folkemunne Grønntrikken) var det første selskapet som dreiv sporvognstrafikk i Oslo (Kristiania). Selskapet blei stifta i 26. august 1874 som eit privat aksjeselskap, 6. oktober 1875 gjekk første tur. Selskapet hadde då tre liner, alle trafikert med hestesporvogn: StortorvetVestbanen, Stortorvet–Homansby og Stortorvet–Oslo (Gamlebyen). Linenettet blei utvida fleire gonger fram til 1911. Hestesprovognene blei erstatta av elektriske i perioden 1899–1900.

I 1905 kjøpte Kristiania Sporveisselskap opp Kristiania Kommunale Sporveie. Frå 1912 hadde det eit samarbeid med konkurrenten A/S Kristiania Elektriske Sporvei. Selskapa blei innløyst og slått saman til det kommunale aksjeselskapet A/S Kristiania Sporveier (frå 1925 A/S Oslo Sporveier) i 1924 då konsesjonane deira gjekk ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]