Oslo katedralskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kristiania katedralskule)
Oslo katedralskole, fasaden mot gatene, med Ullevålsveien i framgrunnen og oppover mot høgre, fotografert i 1902. Utsjånaden er hovudsakleg den same i dag.
Skulens fasadar mot skuleplassen.
Foto: Helge Høifødt

Oslo katedralskole er ein vidaregåande skole i Oslo med røter tilbake til mellomalderen og den opplæringa som kyrkja stod for. Skolen er i dag ei privat stifting (Stiftelsen Oslo katedralskole) som sjølv eig bygningen og det eineståande biblioteket, som er det eldste i Noreg. Sjølve skoledrifta er likevel kommunal (fylkeskommunal), til liks med andre offentlege vidaregåande skolar.

Katedralskolen er kjend som «Katta» på folkemunne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skolen blei grunnlagt i år 1153 av den paveutsende kardinalen Nicolaus Breakspeare (seinare pave Hadrian IV). I reformasjonsårhundret var skolen sentrum for den såkalla austlandshumanismen, leia av menn som biskop Jens Nielssøn og lector theol. Hallvard Gunnarsøn.

1600-talet blei oppretta eit gymnasium i samband med skolen, som kunne ha vore det første tilløpet til eit norsk universitet, men pengevanskar førte til at det blei nedlagd etter kort tid.

Kjende tidlegare elevar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Oslo katedralskole