Kristiania norske Theater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristiania norske Theater var eit norsk teater skipa i 1852 under namnet Den norske dramatiske skoles Theater. I 1854 blei dramaskulen gjort om til fast teater.

Initiativet til stiftinga kom frå premierløytnant i ingeniørvåpenet Johannes Benedictus Klingenberg etter at han hadde gjesta Det norske Theater i Bergen og blitt skuffet over det unorske repertoarvalet. Også Christiania Theater var på denne tida dominert av dansk språk og kultur.[1]

Knud Knudsen var språkkonsulent ved teateret. Henrik Ibsen bleu henta frå teateret i Bergen, der han var sceneinstruktør og husdiktar, for å bli artistisk direktør ved Kristiania norske Theater. Ibsen overtok ansvaret for teaterdrifta frå hausten 1857, og fungerte som leiar for teateret fram til det gjekk konkurs sommaren 1862.

Stykke som Hærmændene på Helgeland av Ibsen og Kong Sverre og Halte-Hulda av Bjørnson hadde urpremiere ved teateret. Det sette også opp Ervingen av Ivar Aasen på nynorsk.[1]

Det blei etablert eit nytt Kristiania norske Teater, også kalla Møllergadens Teater, på same staden 1870-72 under leiing av Bjørnstjerne Bjørnson og med skodespelarar frå Christiania Theater.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Christiania Norske Theater». Store norske leksikon (på norsk). 29. september 2014. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Øyvind Anker 1956: Kristiania norske Theaters repertoire 1852-1863. Oslo: Gyldendal.
  • Ragnvald Michael Raum Klingenberg 1852: «Den norske dramatiske Skole i Christiania og dens Theater. (Med Prospekt af Theatrets Indre)». I: Illustreret Nyhedsblad No. 58-1852.
  • Audhild Lund 1925: Henrik Ibsen og Det norske teater 1857-1863. Oslo.