Kristianiabohemen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristianiabohemen er ei nemning på ein krins med kunstnarar, kulturarbeidarar og forfattarar i Kristiania på slutten av 1800-talet. Desse vart kalla bohemar av di dei gjorde opprør mot tradisjonelle normer for moral og samfunnsliv. Leiaren for denne gruppa var forfattaren Hans Jæger (1854-1910) Saman med målaren Christian Krohg sette han opp ni "Bohêmbud". Oda Lasson var den kvinnelege leiarfiguren. Mellom personane som var knytt til dette miljøet finn me forfattaren Arne Garborg.

I ettertid har miljøet kring Kristianiabohemen inspirert fleire kunstnarar. Musikkverket Leve Patagonia av Ketil Bjørnstad tek utganspunkt i Kristianiabohemen sin draum om å starta på nytt i eit land langt vekke. Til dømes kunne dette vera Patagonia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Halvor Fosli: Kristianiabohemen : byen, miljøet, menneska, Oslo 1994.