Kristianna Winther Poulsen
Kristianna Winther Poulsen | |||
Fødd | 14. juni 1969 (55 år) Tórshavn | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Javnaðarflokkurin (mars 2015), Sjálvstýrisflokkurin (ukjend; mars 2015) | ||
Yrke | politikar, offentleg tenestemann, lærar | ||
Utdanna ved | Roskilde Universitet Robert Gordon University | ||
Alle verv |
Kristianna Winther Poulsen (fødd 14. juni 1969 i Tórshavn)[1] er ein færøysk lærar, offentleg tenestekvinne og politikar som representerer partiet Javnaðarflokkurin.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Winther Poulsen er cand.mag. frå Roskilde Universitetscenter i Danmark frå 1999 og Master of Science i leiing og administrasjon frå Robert Gordon University i Skottland frå 2006.[1][2] Ho har hatt studieopphald i Danmark, Frankrike og England, og har sidan budd i heimbyen Tórshavn på Færøyene.[2]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Winther Poulsen har vore frilansskribent, fullmektig i Sosial- og helsedepartementet, fullmektig i det færøyske forskingsrådet, avdelingsleiar og prosjektleiar i arbeidsformidlingstenesta i tillegg til fransklærar ved Føroya Studentaskúli og HF-skeið.[1][3][4] Ho var formann i det færøyske likestillingsutvalet i perioden 2008–2012.[3][5]
Winther Poulsen fekk flest personrøyster på vallista til Sjálvstýrisflokkurin i Tórshavn ved lagtingsvalet i 2011.[6] Hp ble 2. vara til Lagtinget, og møtte fast for Kári P. Højgaard, som var medlem av den færøyske regjeringa, etter at 1. vara Jógvan Skorheim blei borgarmeister den 1. januar 2013.[7][8] Winther Poulsen var medlem av Lagtingets næringskomité. I september 2013 gjekk Højgaard tilbake til Lagtinget. I mars 2015 melde Winther Poulsen overgang til Javnaðarflokkurin.[9] I heile perioden 2015–2019 møtte ho fast på Lagtinget som vara for regjeringsmedlemmane Rigmor Dam og Heðin Mortensen.[1]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Winther Poulsen er dotter av landsrettssakføraren Halgir Winther Poulsen og spesialpedagogen Ása Ellefsen i Tórshavn.[1] Farfaren hennar var lagtingsmann, viseregjeringssjef og formann i Sjálvstýrisflokkurin Niels Winther Poulsen, og oldefaren hennar var lagtingsmann Johan Hendrik Poulsen.[10] På morssida er ho niese av den tidlegare regjeringssjefen på Færøyane, lagtingsmannen og folketingsmannen Pauli Ellefsen og regjeringsmedlemmen og lagtingsmannen Svend Aage Ellefsen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Kristianna Winther Poulsen» (på færøysk). Løgtingið. Arkivert frå originalen 13. desember 2017. Henta 21. august 2019.
- ↑ 2,0 2,1 «Strategic Programme 2012-2016. Biographies» (på engelsk). Nordic Atlantic Cooperation. Henta 16. mai 2013.[daud lenkje]
- ↑ 3,0 3,1 «Presentation av NVR». Nordiskt Nätverk för Vuxnas Lärande. 2005. Henta 16. mai 2013.[daud lenkje]
- ↑ «Lærarar» (på færøysk). Føroya Studentaskúli og HF-skeið. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 14. juni 2015.
- ↑ Johannesen, Johnsigurd (1. mars 2012). «Katrin Kallsberg forkvinna í Javnstøðunevndini». Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 8. mars 2012. Henta 16. mai 2013.
- ↑ Lindenskov, Eirikur (29. oktober 2011). «Kristianna Winther Poulsen toppskorari hjá Sjálvstýrisflokkinum». Sosialurin. Arkivert frå originalen 2. mai 2012. Henta 16. mai 2013.
- ↑ Lindenskov, Eirikur (14. november 2012). «Kristianna Winther Poulsen á ting». Sosialurin. Arkivert frå originalen 17. november 2012. Henta 16. mai 2013.
- ↑ Johannesen, Uni Holm (31. desember 2012). «Kristianna Winther Poulsen tekur sæti á Løgtingi». Sosialurin. Arkivert frå originalen 3. januar 2013. Henta 16. mai 2013.
- ↑ Løwe, Beinta (9. mars 2015). «Kristianna farin í Javnaðarflokkin» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Henta 14. juni 2015.
- ↑ Poulsen, Tórbjørn (23. mars 1990). «Niels Winther Poulsen, fyrrverandi landsstýrismanni, til minnis». Tingakrossur (på færøysk): 4.
- Denne artikkelen bygger på «Kristianna Winther Poulsen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2024.