Kristiansand katedralskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristiansand katedralskole
SkuletypeOffentleg vidaregåande skule
Org.formUndereining til næringsdrivande og offentleg forvaltning
Org.nummer974594994
Grunnlagd1686
Region/fylkeAgder
KommuneKristiansand kommune
StadKristiansand
AdresseJegersbergveien 1, 4631 Kristiansand
EigarAgder fylkeskommune
RektorEva Bergh
Nettstadwww.kkg.vgs.no/
Kart
Kristiansand katedralskole
58°09′36″N 8°00′37″E / 58.16°N 8.01027778°E / 58.16; 8.01027778

Kristiansand katedralskole Gimle er ein vidaregåande skule i Kristiansand som vart grunnlagd 20. november 1686,[1] etter at privilegia for katedralskule vart ført over frå Stavanger til Kristiansand. Han vart Latinskule i 1734, og er den eldste skulen på Sørlandet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kristiansand katedralskole (Katta) vart grunnlagd omtrent 535-635 år etter dei fem andre norske katedralskulane i Oslo, Hamar, Trondheim, Bergen og Stavanger - som vart grunnlagde i tida 1152-1153 og 1260. Skulen låg fyrst ved Kristiansand domkyrkje, i den såkalla Latinskulen (frå 1734). På 1930-talet vart skulen utvida med ein ny bygning i Kirkegaten. Etter å ha hatt tilhald i Kvadraturen i nesten 300 år, flytta skulen inn i nybygde lokale på Gimle på 1970-talet.

Hausten 2007 vart skulen slått saman med Gimle videregående skole, tidlegare Kristiansand Handelsgymnas.[2] Arne Rosenvold var den siste rektoren før skulane vart slegne i hop. Opphavleg tilbydde Kristiansand katedralskole ålmennfaglege studietilbod, medan Kristiansand handelsgymnas tilbydde økonomisk-administrative fag. Den samaslåtte skulen har eit breiare fagtilbod, med undervisning også i enkelte yrkesfag.

Latinskulebygningen huser no kontor for Domkyrkja kyrkjelyd, medan bygningen i Kirkegaten er teken over av Sørlandets kunstmuseum.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kristiansand katedralskole». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 14. desember 2021. 
  2. Hope, Tim, «Skolens historie - Kristiansand Katedralskole Gimle», kkg.vgs.no (på norsk bokmål), henta 2. november 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]