Kristiansandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grønningen Fyr ligg i Østergapet ved innløpet til Kristiansandfjorden

Kristiansandsfjorden er fjorden utanfor Kristiansand og den lengste fjorden i Vest-Agder. Lokalt vert fjorden ofte kalla Byfjorden. Fjorden er om lag 20 km lang frå innløpet frå Skagerrak mellom Oksøy og Grønningen fyr og inn til Ålefjær.

Fjorden er opptil 260 meter djup og det djupaste området midt i leia er tidlegare nytta til ammunisjonsdumping. På fjordbotn, spesielt i dei indre områda, er det mykje forureining frå tidlegare verksemd langs strendene. Mykje av fjordbotnen er dei seinare åra vorte dekt til med fyllingar av stein og sand.

Fjorden har to innløp, Østergapet (gabet på dialekt) mellom Oksøy og Grønningen og Vestergapet mellom Flekkerøy og Møvik/Kroodden. Før sa ein at Vestergapet låg mellom Indre og Ytre Flekkerøy og i sundet mellom øya og fastlandet var den viktigaste hamna langs Skagerrakkysten frå omkring 1550.

Fra Vestergapet og innover vest- og nordsida av fjorden ligg det fleire bukter og viker, som Sandvika, Brøvikbukta, Auglandsbukta og Hannevikbukta. Like utanfor Auglandsbykta ligg Bragdøya med Svensholmen og Dybingen like nord for seg. Rett nord for Dybingen igjen ligg Odderøya, like sør for sentrum av Kristiansand. Her munnar elva Otra ut i fjorden.

På austsida av Østergapet ligg Vestre Randøya. Frå her går Randøysund og Stanggapet austover til Kvåsefjorden. Nordover på austsida av fjorden ligg Herøya, Dvergsøya, Sjursøya, Prestøya og Lyngøya. Mellom Presteøya og Dvergsnes på fastlandet ligg den vesle sidefjorden Korsvikfjorden.

Topdalsfjorden er ein annan sidearm av fjorden som går frå Gleodden/Marvika til munningen av Topdalselva. Her kryssar E18 fjorden via dei litt over 600 meter lange Varoddbruene. Ved elveosen her ligg Kjevik og Hamresanden. Vidare innover vert namnet Ålefjærfjorden nytta. Fra Ålefjær til Gleodden er det 5 nautiske mil.

I området ved Torsviga og Kongsgårdbukta på Lund mellom Marvika og Ringvoldåsen/Ringknuten i Topdalsfjorden er det bygd eit nytt hamneanlegg for Kristiansand.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]