Kristiansten festning

Koordinatar: 63°25′36.966″N 10°24′40.158″E / 63.42693500°N 10.41115500°E / 63.42693500; 10.41115500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°25′36.966″N 10°24′40.158″E / 63.42693500°N 10.41115500°E / 63.42693500; 10.41115500

Hovudtårnet (donjonen) på Kristiansten festning.

Kristiansten festning er eit festningsverk som ligg i Trondheim. Festninga vart reist i 1682-1684 som eit ledd i gjenoppbygginga etter bybrannen 18. april 1682 etter ordre frå kong Christian V. Utforminga av byen og festningsverka vart sett i verk av Johan Caspar de Cicignon og generalkvartermeister Anthony Coucheron. Hovudtårnet på Kristiansten ligg i direkte lenging av lengdeaksen til Nidarosdomen, om lag 700 meter borte frå domen. På 1700-talet vart Kristiansten utvida til den forma den har i dag.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Kristiansten festning.

Festninga er reist på ei strategisk viktig høgd ovanfor Bakklandet, Pappenheim og Møllenberg. Frå denne høgda hadde svenskane to gonger tidlegare kontrollert byen, i 1564 og 1658. Gamle Bybro går over Nidelva til byen frå Bakklandet, og da festninga vart reist, var brua den viktigaste innfartsvegen til Trondheim. Det var planlagt eit festningsverk til vern av denne sida av Trondheim allereie i 1676, men det var bybrannen som fekk planane i gang.

1. Donjon/hovudtårn
2. Kommandantbustad/Restaurant Kommandanten
3. Festningsport
4. Festningsarrest
5. og 6. Kasemattar
7. Rettarstad
8. Brønn
9. Stor kasematt
10., 11. og 12. Kasemattar
13. Sortieporten
14., 15. og 16. Kasemattar
17. Dagens saluttbatteri
18. Brannvakt
19. Gammalt saluttbatteri

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Grunnsteinen til festninga vart laga av Cicignon i juli 1682, og Coucheron leidde byggearbeida i åra etterpå. Festningsanlegget skulle eigentleg vera symmetrisk stjerneforma om hovudtårnet, donjonen, men den vart i staden tilpassa terrenget i ei irregulær stjerneform med ni spissar. Området rundt festninga vart også forskansa i 1690-årene, men dette er no rive eller bygd på. Sør for festninga vart det i 1691 reist eit forsenka batteri, kalla Christiansands batteri. I 1695 vart Møllenberg skanse oppført i aust. Det har vore eit utanverk nord for festninga, som vart kalla Frølichs redutt (reist i 1720) og eit mindre utanverk mot aust, kalla Grüners redutt. I tillegg var det rom for mannskap under vollane aust for donjonen. Det finst få spor etter alt dette i dag.

Festningsporten av kleberstein er frå 1746.

Rundt 1740 vart festninga ombygd til den forma den har i dag. Mot nord dannar vollmuren eit gardsrom inne i festninga. Rundt denne er det kasemattar, kvelva opphalds- og lagerrom som vart brukt til bustadar for mannskap, kjøken, fengsel og lagring av proviant. Kasemattane er godt haldne ved like og framleis i bruk til ulike føremål. Utanom kasemattane er det berre tre bygningar på Kristiansten; donjonen (hovudtårnet), kommandantbustaden og eit vakthus. 'Kommandantbustaden vart bygd kring 1777. Den er ein liten bygning på ein etasje, i pussa mur med halvvalmtak. Vakthuset, frå same tid, ligg inntil kommandantbustaden og har pyramideforma tak.

Donjonen[endre | endre wikiteksten]

Donjonen (hovudtårnet) av kvitkalka gråstein med valmtak, er stort og monumentalt og eit landemerke for Trondheim. Opphavleg hadde tårnet ei grunnflate på 17 x 12,5 meter, men tjukna på murveggen mot byen vart seinare auka med 2,5 meter. Den skal no vera fire meter tjukk. Tårnet har tre etasjar over kruttkjellaren, delt av bjelkelag som kviler på ei midtsøyle av teglstein. Kjellaren inneheldt opphavleg to kruttkammer, dekte over med eit solid teglsteinskvelv. Fyrste etasje vart brukt til kommandantbustad og inneheldt stove, kjøken og to kammer. Andre og tredje etasje var kanonetasjar, med forsterka bjelkelag. Skyteopningane var dekte med jarnluker. I taketasjen var det bygd ei ark som vart brukt som utkikkspost.

Festningsporten[endre | endre wikiteksten]

Festningsporten av kleberstein er frå 1746 og utført av brørne Rasmus og Andreas Banch, etter at dei var ferdige med å byggje tårnet på Vår Frue kirke. Porten fører til ein 15 meter lang passasje som skrår gjennom vollen. Utvendig er porten flankert av pilastrar med ein trekantgavl over opninga. På gavlen er Frederik Vs krona spegelmonogram plassert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den einaste gongen festninga har vore i kamp, var under den store nordiske krigen (1700 – 1721). Før dette var berre få soldatar stasjonerte på Kristiansten.

Den store nordiske krigen[endre | endre wikiteksten]

Under dei siste dagane av den store nordiske krigen, hausten 1718, tok Karl XII av Sverige initiativet til ein andre invasjon av Noreg. Hovudstyrken på 40 000 mann vart send for å ta Fredrikshald, og ein armé på 10 073 mann, 6721 hestar og 2500 slaktedyr under føring av general Carl Gustaf Armfeldt vart send til Trøndelag for å ta Trondheim. Armfeldts armé hadde oppsamlingsområde i Duved og hadde avmarsj derfrå 27. august. Armfeldt rykte fram mot Trondheim, som vart forsvart av 6 900 soldatar under føring av Vincents Budde. Budde valde å forskansa styrkane sine i den godt forskansa byen, og reiv alt av byggverk på Bakklandet (utanom den nyreiste Bakke kyrkje) for å ha fri skotlinje. På Kristiansten festning var det 76 kanonar, og her låg 1 000 mann, på Munkholmen 400 mann, medan hovudstyrken var stasjonert til sjølve byen.

Dei svenske troppane møtte motstand både frå dei norske soldatane og frå folk på landsbygda, som hugsa den tidlegare svenske okkupasjonen av Trøndelag. Armfeldt fekk ikkje med seg det tunge beleiringsartilleriet, og hadde også problem med å få fram proviantforsyningar, og vinteren sette inn. Han nådde fram til Trondheim i byrjinga av november og omringa byen, men kunne ikkje truge festninga utan det tunge artilleriet. Kristiansten var godt rusta og hadde mat for seks månader. Armfeldts styrkar heldt seg godt utanfor skothald. Ved eit tilfelle da svenskane oppheldt seg på Lade, vart det losna skot mot dei frå Munkholmen, men skota rakk ikkje fram. Karl XII var ikkje nøgd med innsatsen til Armfeldt og gav han ordre om å erobre byen. Armfeldt valde likevel å trekkja styrkane sine tilbake i retning av Melhus og Gauldalen.

Overnatting under open himmel og mangel på proviant førte med seg at mange av dei svenske soldatane vart sjuke, og soldatstyrken var nær halvert ned til 4 000 mann. Den svenske kongen Karl XII vart drepen ved Fredriksten festning 11. desember, men det skulle gå ein månad før meldinga kom fram til Armfeldt. Han starta tilbaketoget til Sverige 12. januar 1719. På veg over fjellet frå Tydalen vart vêret svært dårleg, med snøvêr, kulde og kraftig vind.

2 200 soldatar fraus i hel, 1 400 døydde seinare av frostskader og 450 vart invalide (kjeldene sprikjer i tal på daude). Armfeldt sin retrett har vorte samanlikna med Napoleon sin retrett frå Moskva.

Trass i den norske sigeren, hadde dei norske troppane på Kristiansten også tap. Festninga var overfolka og forholda var usunne. Det var pengemangel, og verken offiserar eller soldatar fekk lønn. Dei mangla viktig utstyr som madrassar, uniformer og våpen, og fleire av soldatane døydde av desse forholda under kringsetjinga.

Leigesoldatar og kyrkjehistorie[endre | endre wikiteksten]

Mannskapet på festninga var i stor grad leigesoldatar. I samband med den foreståande Venuspassasjen i 1769 hadde kong Christian VII av Danmark-Noreg invitert ein framståande astronom frå Wien, jesuittpresten Maximilian Hell, til å dra til Vardø for å observera der. Saman med ein lekbror frå same orden, lingvisten Johannes Sajnovics S.J., reiste han nordover. Ei pastoralt interessant hending skjedde da dei to jesuittane vitja Trondhjem på vegen. Hell sporta opp 155 utanlandske katolske knektar på festninga. Som ein fylgje av katolikkarforbodet var dei skorne av frå kvar ein katolsk sjelesorg, men Hell skaffa seg løyve til å feire messe for dei, og ikkje mindre enn 146 av soldatane tok imot sakramenta.

Nedlegging av festninga[endre | endre wikiteksten]

Karl III Johan vedtok i 1816 at Kristiansten festning skulle leggjast ned og at den skulle overlatast til «tidens øydelegging». Festninga vart redda da det vart bestemt at brannbatteriet skulle haldast i stand. Kanonane skulle varsla innbyggjarane i byen dersom brann skulle blussa opp.

1905 – Unionsoppløysinga[endre | endre wikiteksten]

9. juni 1905 vart orlogsflagget med unionsmerket firt for siste gong, og det reine splittflagget heist under militær honnør og salutt. 18. november 1905 vart det igjen saluttert med 21 skot frå Kristiansten festning i samband med at Prins Carl av Danmark var vorte vald til konge av Noreg under namnet Haakon VII.

Andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

9. april 1940 klokka 04:30 kom 1 500 tyske soldatar til Trondheim. Innan klokka 09:00 var alle viktige stader i byen tekne utan kamp. Ingen skot vart losna for å stoppe dei tyske troppane. Kristiansten låg forlate og forfallet hadde starta.

Tyskarane såg fort potensialet i festninga, spesielt med tanke på propaganda- og symbolverdi. Dei starta ei opprusting av festninga og installerte mindre luftvernskyts der, i likskap med mange andre stader i byen.

Kristiansten festning sett frå Elgeseter bru.

Under andre verdskrig brukte tyskarane også Kristiansten som rettarstad. Et 30-tals norske patriotar vart avretta her, og eit ukjent tal personar av andre nasjonalitetar. Det er sett opp ei minnetavle over dei norske patriotane som vart avretta på festninga under krigen.

Etter krigen vart festninga brukt til avretting av dødsdømte krigsforbrytarar. Dei mest kjende er:

Kristiansten i dag[endre | endre wikiteksten]

Kanonsalutt frå festninga 4. desember 2005 for å feira fødselen av Prins Sverre Magnus dagen før.

I samband med Trondheims 1000-årsjubileum i 1997 gjekk festninga gjennom ei omfattande renovering. Det vart installert flaumbelysning, og ein av kasemattane i festninga vart innreidd til minnekapell.

I dag er Kristiansten eigd av staten og er administrativt freda. I 2001 vedtok Stortinget at Kristiansten ikkje lenger skal vera i militær bruk, men skal utviklast til sivilt bruk. Det er Skifte Eiendom og Nasjonale Festningsverk som har fått denne oppgåva. Det vert sallutert frå Kristiansten ved kongelege fødselsdagar og ved Kongens besøk i Trondheim. Salutteringa vert gjennomført av Saluttkompaniet til Trøndelag Heimevernsdistrikt 12. Flagging på festninga er teke vare på av Forsvarsbygg, og Forsvaret held framleis kommandantfunksjonen ved like. Frå 1. januar 2011 vert denne funksjonen teken vare på av sjefen for Luftkrigsskolen, Oberst Ole-Asbjørn Fauske.

Kristiansten er rekna som eit museumsområde og er eit populært mål for turgåarar. Festninga er open for publikum onsdag til sundag 10:00 – 16:00 om sommaren (gratis tilgang). Mandag og tysdag er festninga stengd. Uteområda er tilgjengelege utanom opningstida så lenge restauranten er open. Om sommaren er det mange aktivitetar på festninga. I tillegg til museumsutstillinga er det mellom anna arrangert barneaktivitetar, guida turar og historisk aktivitetsteater.

Kommandantbustaden frå 1777 vart restaurert og sett på plass i opphavleg stand i 2005. I mai 2011 opna Restaurant Kommandanten på bustaden etter at Vertshuset Festningen la ned i 2010. Fire kasemattar er i bruk for selskap, konsertar og andre arrangement. Kasemattane har kvelva salar som kan romma opp mot 90 personar.

Festninga ligg om lag ein 15 minuttar spasertur frå sentrum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Stangeland, G. & E. Valebrokk: Norges bedste værn og fæste: nasjonale festningsverk, Wigestrand 2001, ISBN 82-91370-35-4
  • Bratberg, Terje: Trondheim byleksikon, Kunnskapsforlaget 1996, ISBN 82-573-0642-8
  • Kavli, Guthorm: Trondheim bygger gjennom 1000 år, Schibsted 1996, ISBN 82-516-1630-1
  • Kavli, Guthorm: Norges Festninger fra Fredriksten til Vardøhus, Universitetsforlaget 1987, ISBN 82-00-18430-7
  • Hegard, Tonte: Kristiansten festning, i Fredede hus og anlegg 4 – Sør-Trøndelag, Universitetsforlaget 1986, ISBN 82-00-07134-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]