Kristin Kajander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristin Kajander
Fødd 28. februar 1959 (62 år)
Yrke skodespelar, filmskodespelar

Kristin Kajander (fødd 28. februar 1959) er ein norsk skodespelar. Ho har hatt ei rekkje roller ved ulike teater, i tillegg til at ho har hatt roller i både film og fjernsyn.

Ho er utdanna ved Statens Teaterhøgskole (1984). Frå 1986 til 1991 var ho tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen. Der spela ho mellom anna hovudrolla i det omdiskuterte Norvald Tveit-stykket I Satans vald, Nina i Måken av Anton Tsjekhov og Rebekka West i Rosmersholm av Ibsen. Vidare arbeidde ho frå 1992 til 1993 ved Nationaltheatret, og spela mellom anna i fleire Ibsen-stykke, som Eline i Fru Inger til Østråt, Regine i Gengangere og Anitra i Peer Gynt. Sommaren 1994 var ho med på den store framsyninga Bibel ’94 i Helsingfors, om kvinnene i Bibelen. Sidan då har ho arbeidd frilans ved ulike teater. I tillegg har ho vore med som skodespelar og songar på to bestillingsverk av Lars Saabye Christensen og Ole Henrik Giørtz for Jazzfestivalen i Molde.

Filmgjennombrotet hennar kom med hovudrolla i Sølve Skagen-suksessen Hard asfalt (1986). Ho hadde også hovudrolla i Brun Bitter (1987), og har elles spela i filmar som Ballen i øyet (2000) og Jeg er Dina (2002).

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle
1986 Hard asfalt Ida
1988 Brun bitter Vigdis Wang
1996 Gåten Knut Hamsun Husvertinne
1999 Evas øye Jorun Einarsson
2000 Ballen i øyet Dagfrid
2002 Jeg er Dina Tela
2002 Anolit (kortfilm) Mor
2003 Mors lille Ole (kortfilm) Gunn

Fjernsynsroller[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle
1996 Gåten Knut Hamsun Husvertinne
1997 Mot i brøstet Politidame
1998 Blodsbånd ?
2001 Fox Grønland Lotte Hansen
2001 Nini Inger, mor til Christaia
2002 Tiden før Tim Mor til Marte
2002 Holms Veninna til Eva
2006 Johnny og Johanna ?
2010 Koselig med peis Liv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]