Kristin Midthun
Utsjånad
| Kristin Midthun | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 4. februar 1961 (65 år) Oslo |
| Yrke | handballspelar |
| Språk | norsk |
| Høgd | 1,73 meter |
Kristin Midthun Ihle (fødd 4. februar 1961) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo. Kantspelaren vann OL-sølv i 1988 og VM-bronse i 1986.
Midthun spelte i mange år på Oslo-laget IL Vestar og vart i 1989 seriemeister med laget. På Noregs handballandslag var ho i fleire sesongar det soleklare fyrstevalet på venstrekanten i angrepet. Frå debuten i 1982 deltok ho i 142 landskampar og skåra 302 mål. Ho var sterkt delaktig både då Noreg vann bronse i Handball-VM 1986 og sølv under Sommar-OL 1988 i Seoul. I november 1988, to månader etter sommarleikane, opptredde ho i landsdrakta for siste gong.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland
- OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea
- Seriemeister: 1989 med Vestar