Kristin Røymo
| Kristin Røymo | |||
| | |||
| Fødd | 4. mars 1973 (53 år) Vestvågøy kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
| Verv | Byrådsleiar i Tromsø 14. oktober 2015–30. juni 2016 | ||
| Føregangar | Øyvind Hilmarsen | ||
| Etterfylgjar | Stillinga opphøyrde | ||
| Verv | Ordførar i Tromsø 1. juli 2016–16. oktober 2019 | ||
| Føregangar | Jarle Aarbakke | ||
| Etterfylgjar | Gunnar Wilhelmsen | ||
| Alle verv |
| ||
Kristin Røymo (fødd 4. mars 1973 i Vestvågøy) er ein norsk politikar for Arbeiderpartiet som har vore ordførar og byrådsleiar i Tromsø frå 2015 til 2019. Ho var i perioden 14. oktober 2015-30. juni 2016 byrådsleiar i Tromsø kommune, fram til byparlamentarismen vart erstatta med formannskapsmodellen som styreform i Tromsø.[1] Røymo vart vald som ordførar 14. oktober 2015, men søkte permisjon same dag for å tiltre som byrådsleiar. Jarle Aarbakke var ordførar under permisjonen.
Oppvekst og utdanning
[endre | endre wikiteksten]Kristin Røymo vaks opp i Helnessund i Steigen kommune, tok vidaregåande utdanning ved Solhaugen videregåande skole i Narvik, og flytta til Tromsø i 1995. Røymo har studert statsvitskap, pedagogikk og psykologi, og har ein mastergrad frå Universitetet i Tromsø i Peace and Conflict Transformatin, MPCT.
Røymo har tidligere jobba ved Færingen Terapeutisk Samfunn, som fagkonsulent og som leiar, ho har jobbet som barnehageassistent, og som fylkessekretær for AUF i Troms. Ho har per januar 2015 permisjon frå stillinga som seksjonsleiar for NAV Arbeidsrådgivningskontor, ved NAV Troms.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Ho er busett i Tromsø, og vart vald inn i kommunestyret for Ap første gong ved kommunevalet i 1999. Røymo var politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet i 2001. Ho var ordførarkandidat for Tromsø Arbeiderparti i 2011, og var gruppeleiar den perioden.[2]
Røymo var byrådsleiarkandidat for Tromsø Arbeiderparti i 2015, og vart 14. oktober 2015 vald som ordførar i Tromsø. Ein del av avtalen mellom samarbeidspartia Arbeidarpartiet, Rødt og SV, var å erstatte byparlamentarisme, med formannskapsmodellen som styreform i Tromsø. Partia vart samde om å behalde byrådet fram til 30. juni 2016, som ein overgangsfase. Røymo søkte derfor om permisjon for å tiltre som byrådsleiar og Jarle Aarbakke var ordførar under permisjonen.[3][4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Dette er det nye byrådet». Tromsø kommune. 2015-10-14. Arkivert frå originalen 2015-12-11. Henta 2015-10-16.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ «Vil ha debatt om parlamentarisme», iTromsø 24. mars 2014
- ↑ «Nå er Kristin Røymo valgt til ordfører». iTromsø. 2015-10-13. Henta 2015-10-16.
{{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in:|utgiver=(hjelp) - ↑ «Nå er dette Tromsøs ordfører - i noen få timer». Nordlys. 2015-10-14. Henta 2015-10-14.
- Denne artikkelen bygger på «Kristin Røymo» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2017.