Kristin Størmer Steira
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kristin Størmer Steira | |
![]() | |
Fødd | 30. april 1981 (41 år) Mo i Rana |
Yrke | langrennsløpar, langdistanseløpar |
Kristin Størmer Steira på Commons |
Kristin Størmer Steira (fødd 30. april 1981) er ein norsk langrennsløpar fødd i Rana. Ho markerte seg for fyrste gong i internasjonal samanheng i sesongen 2002/03, med fleire plasseringar blant dei 10 beste i verdscupen.
Det store gjennombrotet kom i sesongen 2004/05. Ho tok sin fyrste siger i verdscupen (dobbel jaktstart i italienske Pragelato), bronsemedalje på same distansen og stafettgull i ski-VM.
Kristin Størmer Steira er oppvaksen i Tana, men bur no i Drøbak. Ho representerer Høybråten og Stovner IL.
Under dei olympiske leikane i Torino 2006 fekk Steira fjerdeplass på dobbel jaktstart, 10 km klassisk og 30 km fellesstart, og reiste heim frå Torino utan medalje.
Meritt[endre | endre wikiteksten]
Ski-VM
- Gullmedalje i stafett - Ski-VM 2005
- Sølvmedalje i 15 km dobbel jaktstart - Ski-VM 2009
- Sølvmedalje i 30 km - Ski-VM 2007
- Bronsemedalje i jaktstart - Ski-VM 2007
- Bronsemedalje i stafett - Ski-VM 2007
- Bronsemedalje i jaktstart - Ski-VM 2005
Verdscupen
- 2 sigrar
- 2 andreplassar
- 1 tredjeplass