Kristine Bonnevie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristine Bonnevie
Kristine Bonnevie portrait.jpg
Fødd8. oktober 1872
Trondheim
Død30. august 1948
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkezoolog, professor, politikar, genetikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Kristine Bonnevie (fødd 8. oktober 1872 i Trondheim, død 30. august 1948 i Oslo)[1] var ein norsk biolog og første kvinnelege professor i Noreg. Forskingsfeltet hennar var cytologi, genetikk og embryologi.

Ho var dotter av Jacob Aall Bonnevie som ein av ni sysken. Familien flytta frå Trondheim til Kristiania i 1886.

Bonnevie starta å studere medisin i 1892, men bytte studium seinare til zoologi. Studia enda med doktoravhandlinga «Undersøgelser over kimcellerne hos Enteroxenos østergreni» (1906).

«Studiehjem for unge piker» i Geitmyrsveien i Oslo, skipa av Bonnevie, vert framleis nytta av studentar.
Foto: Helge Høifødt

Ho var òg student hos Arnold Lang i Zürich i åra 1898-99, hos Theodor Boveri i Würzburg i 1900-01 og hos E.B. Wilson ved Columbia University i New York frå 1906 til 1907. Ho tok over leiinga av Zootomisk laboratorium etter Johan Hjort i 1900.

Rundt 1914 starta ho på arbeidet ho er mest kjent for, arvelighetsforskning, og skipa Institutt for arvelighetsforskning, det seinare Genetisk institutt, i 1916.[1] Etter å ha vore innstilt som førstevalg ved eit professorat ved Bergens Museum i 1912 vart Bonnevie tilbode eit nyetablert professorat ved Det Kongelege Frederiks Universitet som ho takka ja til. Tiltredelsesforelesinga 28. november 1912 hadde titelen: «Retningar og resultat inden den moderne eksperimentel-biologiske forsking.» Ho hadde dette professoratet fram til 1937.[1]

Bonnevie vart det første kvinnelege medlemmet i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1911.[1] Seinare skipa og leidde ho Norske Kvinnelege Akademikeres Landforbund i åra 1922-1925. Ho skipa «Studiehjem for unge piker» i 1916 og Studenterhus i Schulz' gate i Oslo i 1923. Ho tok over hushaldet hos Vilhelm Bjerknes etter kona hans Honorias døydde (Kristine og Honoria var systrer). Ho sat i bystyret i åra 1908-1919 og var suppleant til Stortinget for Frisindede Venstre i perioden 1916-1918.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kristine Bonnevie fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1920, St. Olavs Orden av første klasse i 1946 og Fridtjof Nansens Belønning i 1935. På Blindern ber biologibygningen namnet Kristine Bonnevies hus. Både i Oslo og i Stavanger er det ei gate oppkalla etter Bonnevie.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Arne Semb-Johansson. «Kristine Bonnevie». Norsk biografisk leksikon. Henta 7. mars 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]