Kristine Breistøl
Kristine Breistøl | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. august 1993 (29 år) Oslo |
Idrett | handball |
Tok del i |
Kristine Breistøl (fødd 23. august 1993) er ein norsk handballspelar frå Oslo som vann EM-gull med Noregs landslag i 2020. Ho er rykkromspelar og har sidan 2018 spelt på danske handballklubben Esbjerg. Breistøl spelte 17 landskampar og skåra 11 mål for Noreg i tida 2016–20.
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Breistøl var aktiv i Bækkelaget SK fram til 2012. Perioden 2012–18 gjorde ho teneste i Larvik HK, den dominerande klubben i norsk kvinnehandball. Med Larvik vart ho seriemeister fem år i rad, og ho vann like mange NM-gull. Sommaren 2018 fekk ho kontrakt med Esbjerg, der ho dei to fyrste sesongane vart dansk seriemeister.
Landslagspel[endre | endre wikiteksten]
Breistøl fekk sin landslagdebut for Noreg 6. oktober 2016. Ho deltok under Handball-VM 2019 i Japan og i Handball-EM 2020 i Danmark. I begge desse meisterskapane fekk ho lite speletid, europameisterskapen enda med norsk triumf og gullmedalje til Breistøl.
Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]
- VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland
- EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike
- OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige
- VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
- EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kristine Breistøl» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Kristine Breistøl» frå Wikipedia på fransk, den 22. desember 2020.
- handball.no
- Einskildkvinner
- Fødde i 1993
- Norske handballspelarar
- Europameistrar i handball
- Spelarar i Handball-VM 2019 for kvinner
- Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner
- Olympiske medaljevinnarar i handball
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2020
- Norske deltakarar under sommar-OL 2020
- Handballspelarar under sommar-OL 2020