Kristine Rusten
Kristine Rusten | |
Fødd | 6. juli 1940 |
---|---|
Død | 3. desember 2003 (63 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Kristine Rusten (6. juli 1940–3. desember 2003) var ei kassadame og ein politikar frå Lom i Oppland, som var vald inn på Stortinget frå Oppland og Arbeidarpartiet frå 1977 til -85.
Rusten var dotter til ein snikkar i Lom. Sjølv arbeidde ho frå 1956 til 1977 i lange periodar som kassadame. Ho engasjerte seg politisk for Arbeidarpartiet og sat i formannskapet for Lom kommune bolken 1971-75. I 1977 vart ho vald inn på Stortinget for Oppland og Arbeidarpartiet, attvald i 1981. Dei fyrste fire åra på Stortinget var ho medlem av Kyrkje- og undervisningskomitéen, medan ho i tida 1981-85 var medlem av Landbrukskomitéen.