Kristkongane på Moster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kristkongane på Moster er eit historisk skodespel som vert sett opp på Moster i Hordaland kvart år. Det skildrar overgangen frå norrøn gudetru til kristendom i Noreg. Det vert ofte kalla berre Mostraspelet.

Det er skrive av Johannes Heggland og hadde urpremiere i 1984. Musikken er komponert av Kjell Habbestad. Spelet vert sett opp siste helga i mai eller første helga i juni, alt etter kvar pinsa er plassert.

Dei fyrste åra var Anne Gullestad instruktør, ho vart etterfølgd av Ragnhild Randal og dei siste åra har Svein Tindberg hatt regi så vel som rolla som Olav Haraldson.

Spelet vert framført i Moster Amfi, ei nedlagt kalkguve, som vart gjort om til amfiteater i samband med det fyrste Mostraspelet i 1984.