Kristofer Hæstad
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Kristofer Kruger Hæstad | ||
| Kallenamn | Fredrik | ||
| Fødd | 9. desember 1983 | ||
| Fødestad | Kristiansand kommune | ||
| Høgd | 172 cm | ||
| Posisjon | Midtbanespelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Vålerenga Fotball | ||
| Nummer | 23 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| Randesund | |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1998–2001 2001–2007 2006–07 2008–no |
|
- (-) - (-) - (-) 90 (7)[1] | |
| Landslag | |||
| Noreg | 25 (1) | ||
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 15. august 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 12. mars 2009 | |||
Kristofer Kruger Hæstad (fødd 9. desember 1983) er ein norsk fotballspelar. Han spelar på midtbanen for Vålerenga frå januar 2008. I tillegg har han spela fleire kampar for det norske A-landslaget.
Hæstad spela i oppveksten for Kristiansand-klubbane Randesund og Vigør. Han melde overgang til Start i 2001. Han debuterte i Tippeligaen i 2002, då Start berre tok 11 poeng og rykte ned.
Etter to sesongar i 1. divisjon rykte sørlendingane opp att i 2004, med Hæstad som ein av dei viktigaste spelarane på laget. Hæstad har halde fram med storspelet etter opprykket til Tippeligaen, og han vart kåra til månadens spelar av NRK i april 2005. I mai det same året debuterte han på landslaget i ein privatlandskamp mot Costa Rica, og fekk strålande kritikk.
Kristofer Hæstad vann prisen som årets profil i Tippeligaen, 2005. Han vart òg kåra til årets midtbanespelar i 2005.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «23. Kristofer Hæstad». Vålerenga Fotball. Arkivert frå originalen 5. januar 2009. Henta 12. mars 2009.
- «Kristofer Hæstad - Vålerenga». Nettavisen.no. Henta 12. mars 2009.
| Vålerenga – spelarstallen 2013 |
|---|
| Målmenn |
|---|
| Forsvarsspelarar |
|---|
| Midtbanespelarar |
|---|
| Angrepsspelarar |
|---|