Kristofer Indrehus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristofer Indrehus

Fødd7. april 1860
Død15. august 1946 (86 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Kristofer Pedersson Indrehus (7. april 186015. august 1946) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Bremanger. Han var stortingsrepresentant for Venstre i tida frå 1913 til 1930, samt ordførar i heimkommunen i 16 år.

Indrehus var son til ein gardbrukar på Indrehus i Bremanger. I ungdomen gjekk han eit skuleår, 1876/77, på Sogndal folkehøgskule. Åra frå 1880 til 1893 styrte han ein butikk i heimbygda. Han tok så over farsgarden og dreiv denne i fleire tiår. Frå 1893 arbeidde han om vintrane som oppsynsmann ved vinterfisket i Kalvåg i Nordfjord.

Frå 1898 var Indrehus ordførar i Bremanger, eit ombod han hadde til 1913. Han var 1902-13 amtet sin representant i Noregs fiskeriråd, og i 1907 medlem av den statlege folkeforsikringskomiteen. Indrehus møtte på Stortinget frå 1913, dei tre fyrste valperiodane vald frå einmannskrinsen Kinn. Etter omlegginga av valsystemet til fylkesvise krinsar, møtte han i tre treårs-periodar (1922-30) for Sogn og Fjordane. Heile tida på Tinget representerte han partiet Venstre.

På Stortinget var Indrehus medlem av Næringskomite nr 1 heilt fram til februar 1928. Han var sekretær i komiteen perioden 1919-21 og formann 1922-27. Då partifellen Johan Ludwig Mowinckel danna si andre regjering i februar 1928, vart Indrehus flytta over i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Frå 1931 til -38 var han med i styret for Rikstrygdeverket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]