Kristofer Leirdal
Kristofer Leirdal | |
![]() | |
Fødd | 15. desember 1915 Aure |
Død |
6. juli 2010 (94 år) |
Yrke | bilethoggar |
Ektefelle | Aina Thiis Leirdal |
Born | Yngve Zakarias, Erlend Leirdal |
Kristofer Leirdal på Commons |
Kristofer Leirdal (15. desember 1915–6. juli 2010) var ein norsk biletkunstnar frå Leirdalen i Aure kommune. Leirdal voks opp i snikkarverkstaden til far sin og tok tidleg til å arbeida i tre. Han fekk eit stipend for å studera på møbellinja ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo, der han tok til i 1936. I 1938 kom han inn på Statens kunstakademi [1]. I 1941 vart han tilsett som steinhoggar ved Nidarosdomen i Trondheim. Rett etter krigen studerte han ved Det Kongelige Kunstakademi i København, men kom i 1946 attende for å halda fram med arbeidet på Nidarosdomen.
Leirdal underviste på Kunstskolen fram til 1952, då han gjekk over til Institutt for form og farge ved NTH, der han fram til 1982 underviste arkitektstudentar i modellering.
Prisar[endre | endre wikiteksten]
- Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab sin minnesjetong i sølv (1965)
- Domkyrkjemedaljen i gull (1975)
- Trondheim kommune sin kulturpris (1986)
- Sør-Trøndelag fylkeskommune sin kulturpris (1987)
- Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden (1997).
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Ruvende og stillfarende, NRK.no, 8/7-2010.