Kristofer Randers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristofer Randers
Kristofer randers.jpg
Fødd 1. april 1851Rediger på Wikidata
Aremark
Død

15. mars 1917
Christiania

Yrke skribent, litteraturkritikar, lyrikar

Ole Kristofer Randers (fødd 1. april 1851 Aremark, Østfold, død 15. mars 1917 Kristiania) var ein norsk diktar, kritikar og embetsmann.[1] Randers er i dag særleg kjend for turboka Sunnmøre, eit verk som har kome i fem ulike utgåver sidan ho kom ut fyrste gongen i 1890.

Randers var son til ein lækjar, og soneson til Ole Randers. Han voks opp i Ålesund frå slutten av 1850-åra, der faren var distriktslækjar. Etter å ha utdanna seg til jurist i 1873, var han frå 1875 til 1914 tilsett, fyrst i Indredepartementet og sidan i Landbruksdepartementet.

I 1879 gav Randers ut den fyrste av fleire diktsamlingar. Lyrikaren Randers var mykje påverka av romantikarar som Johan Sebastian Welhaven og Andreas Munch. Både tematisk og i form braut dei med samtidas radikale litteratur, og vart heller lite påakta. Ein alt sterkare konservatisme og elitisme peika i same lei. Samlinga Norsk Natur frå 1887, med mange dikt stadfest til Sunnmøre og fjellheimen der, gjev til kjenne hans friskaste lyriske uttrykk.

Randers var frå 1870-åra ein ivrig fjellvandrar. I året 1890 kom han med Søndmøre. Reisehaandbog, eit verk skrive på oppdrag frå Aalesund-Søndmøre Turistforening.[2] Boka, som seinare har fått tittelen Sunnmøre, har kome i fire reviderte og utvida utgåver; 1898, 1930, 1962 og 1989. Verket, kjend som «Randers-boka», var heilt opp til 1990-talet den sentrale boka for fjellturistar på Sunnmøre.

Ein statue av Randers, forma av Arnold Haukeland, vart reist på Rønneberghaugen i Ålesund i 1951. Då Rønneberghaugen vart sprengt vekk i fyrste halvdel av 1970-åra, vart statuen flytta inn mot bydelen Nørve, og langt seinare plassert på byfjellet Aksla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Biografisk Leksikon lese 14.8.2013.
  2. Randers, Kristofer (1890): Søndmøre. Reisehaandbog. Kristiania: Cammermeyer.