Kristofer Uppdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristofer Uppdal
Portrett av Kristofer Uppdal, 1953.jpg
Fødd 19. februar 1878
Steinkjer
Død

26. desember 1961
Trondheim

Kristofer Oliver Uppdal (19. februar 187826. desember 1961) var ein norsk forfattar. Han skreiv på landsmål, med innslag frå nordtrøndsk dialekt. Uppdal har etterkvart fått ein sentral plass i skandinavisk lyrikkkanon. Lyrikken til Uppdal er eldfull og krevjande. Frå 1939 fekk han kunstnarløn. Hovudverket hans, Dansen gjenom skuggeheimen, skildrar rallarlivet og framvoksteren av den norske arbeidarrørsla.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Uppdal blei fødd på garden Oppdal i Beitstad utanfor Steinkjer, som blei seld då han var fire år.[1] Han var den eldste sonen til Sivert Jakobsen Opdahl (1845–etter 1938), ein gardbrukar, vognmann og hestehandlar, og Anna Petrine Paulsdotter Landsem (1856–85).[2] Seinare fekk han tre sysken og ti halvsysken i faren sitt andre ekteskap. Som tiåring måtte Uppdal ut i arbeid. Han verka som gjetar for ein slektning i Ogndalen.[1] Seinare var han «onnekar, køyrekar, tømmerhoggar og teglverksarbeidar, gruvearbeidar og vegarbeidar», og frå 1899 til 1910 arbeidde han som anleggsarbeidar.[2] Han var med i Norsk Arbeidsmandsforbund og deltok som sekretær på LO-kongressen i 1910.[2]

Uppdal var elev ved Namdal folkehøgskule i to vintrar frå 1897, og seinare ved Askov Højskole i Danmark.[2]

Uppdal gifta seg med sjukepleiaren og forfattaren Bergljot Isabella Magnusen i 1913.[2]

Etter at Uppdal fekk stipend kunne paret reisa utanlands, og var i Tyskland frå 1913 til 1914.[2] Seinare busette paret seg i Asker. Dei fekk tre born frå 1917 til 1923. Den yngste sonen døydde i 1923.[1] Etter dette fekk både Uppdal og kona samanbrot. Dei kom på institusjonar, barna på barneheim, og ekteskapet blei oppløyst.[3]

I tre år, frå 1926 til 1929, var Uppdal innlagt på Gaustad sjukehus. Etter dette flytta han mykje rundt, og gav ikkje ut bøker på fleire år. I 1947 slo han seg ned på Klettvollen i Oppdal, eit gardspensjonat der han blei buande dei siste femten åra av livet sitt.[4]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Kristoffer Uppdal gav ut sine første tekstar i medlemsbladet til ungdomslaget, Ogna. Frå 1898 skreiv han i lokalavisa Mjølner.[1] I 1905 debuterte han skjønnlitterært med diktsamlingane Kvæde og Ung sorg.[1] Dette året byrja han også å skriva namnet sitt «Uppdal».[2]

I 1910 gav Uppdal ut Ved Akerselva og andre forteljingar og blei forfattar på fulltid.[2] Han budde i Kristiania med økonomisk støtte frå ein kollega.[2] Resultatet blei den første romanen hans, Dansen gjenom skuggeheimen (1911), som blei første bandet av ti i ein serie som også blei heitande Dansen gjenom skuggeheimen.[2]

Etter å ha oppdaga ekspresjonismen under tysklandsopphaldet sitt, fekk Uppdal ny form og ny driv i diktinga. Han omarbeidde tidlegare lyrikk og skreiv nye dikt, samtidig som han fullførte romanserien sin. Frå 1915 til 1925 arbeidde han svært hardt. I fleire år etter samanbrotet skreiv han derimot lite.[5] Mykje av det han skreiv frå 1920-talet blei ikkje gjeve ut i hans levetid.[6]

I 1947 kom det 1200 lange diktet Kulten ut. Det var ei religionsfilosofisk og sjølvbiografisk verk som han hadde skrive over lang tid. Delar av det var komnne ut i 1930 og 1939.[1] Han skreiv også Ævelengdn, «ein slags filosofisk meditasjon over menneskelivet», men verket er kalla «vanskeleg» og er ikkje blitt gjeve ut.[5]

Uppdal var likevel aktiv som som skribent fram til han døydde. Dei siste åra var han hovudsakleg debattant og bokmeldar.[1]

Viktige verk[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • 1911-1924 - Dansen gjenom skuggeheimen (10 band)
    • Stigeren, 1919
    • Trolldom i lufta, 1912
    • Vandringa, 1923
    • Kongen, 1920
    • Dansen gjenom skuggeheimen, 1911
    • Domkyrkjebyggjaren
    • I skiftet, 1922
    • Røysingfolke, 1914
    • Fjellskjeringa , 1924
    • Herdsla, 1924

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1905 - Kvæde
  • 1905 - Ung sorg
  • 1908 - Sol-laug
  • 1909 - Vill-fuglar
  • 1918 - Solbløding
  • 1919 - Elskhug
  • 1920 - Altarelden
  • 1947 - Kulten

Essay, aforismar og såvore[endre | endre wikiteksten]

  • 1917 - Uversskyer
  • 1918 - Andedrag
  • 1925 - Jotunbrunnen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Vassenden, Eirik (30. desember 2016), «Kristofer Uppdal», Store norske leksikon, https://snl.no/Kristofer_Uppdal, henta 1. april 2017 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 2,9 Andersen, Anders M. (13. februar 2009), «Kristofer Uppdal», Norsk biografisk leksikon, https://nbl.snl.no/Kristofer_Uppdal, henta 1. april 2017 
  3. Jo Kristian Kvernland (28.02.2008), «Kristofer Uppdal», NRK Trøndelag (NRK.no url=https://www.nrk.no/trondelag/kristofer-uppdal-1.4875703) 
  4. «Uppdal, Kristofer», Steinkjerleksikonet, http://www.steinkjerleksikonet.no/index.php?artikkel=898, henta 11. april 2017 
  5. 5,0 5,1 Ottar Fyllingsnes (6. mars 1997), «Diktaren: Fleire Uppdal-bøker i vente», Dag og Tid (10), http://old.dagogtid.no/arkiv/1997/10/uppdal4.html 
  6. Kaja Korsvold (27. novmeber 2005), «Dramatisk dikterliv», Aftenposten.no, http://www.aftenposten.no/kultur/Dramatisk-dikterliv-428645b.html 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur om Kristofer Uppdal
  • Eggen, A. (1980). «Kristofer Uppdal som nyskapar i nordisk lyrikk», Profil, nr 3, s. 65-69.
  • Vassenden, E. (1996). Om dikt og lesning : Kristofer Uppdals "Isberget", [E. Vassenden], Bergen.
  • Ystad, V. (1974). Kosmiske perspektiver i Uppdals lyrikk, Universitetet i Oslo, Oslo.
  • Ystad, V. (1970). «Den kosmiske visjon i Kristofer Uppdals lyrikk», Edda, B.70, s. 223-247