Kristoffer Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristoffer Larsen
Kristoffer Larsen 2014.JPG
Personleg informasjon
Fødd 19. januar 1992 (27 år)
Fødestad Bergen
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Brann
Nummer 20
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2010
2011-
Noreg Vestsiden-Askøy
Noreg Brann

22 (1) [1]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert

Kristoffer Larsen (fødd 19. januar 1992 i Bergen) er ein norsk fotballspelar som spelar for Brann. Han signerte den første profesjonelle kontrakten sin for Brann 1. juli 2011. Han har som juniorspelar spelt for Vestsiden-Askøy og Brann.

Som 17-åring blei Larsen oppdag av ein speidar frå den italienske storklubben AC Milan, og sendt til AC Milan sin farmarklubb Bellinzona. Etter eit kort opphald i den sveitsiske klubben returnerte han til Bergen der han gjekk til Brann etter å ha fullført 2010-sesongen for Vestsiden-Askøy.

Etter mange gode kampar for juniorlaget og Brann 2 i 3. divisjon fekk han sjansen på A-laget. Debuten kom i cupen då han fekk med seg dei siste 18 minutta i 1. runde-kampen på bortebane mot Tertnes. I 3. runde, mot Åsane, fekk han spela dei siste fem minutta for Fredrik Haugen, og i den neste cuprunden kom heimedebuten. Han kom innpå etter 72 minutter mot Sogndal, i ein kamp som gjekk til ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse.

Då overgangsvindauget opna 1. juli 2011 fekk han proffkontrakt med Brann. Han debuterte i Tippeligaen 7. august same året som innbytar i ein heimekamp mot Strømsgodset. Første målet hans for Brann kom då han på overtid avgjorde ein heimekamp mot Hønefoss den 8. oktober 2012.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk