Kristoffer Olsen Uhlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Kristoffer Olsen Uhlen
Fødd 5. februar 1757
Død

24. februar 1841

Kristoffer Olsen Uhlen (5. februar 175724. februar 1841) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Modum i Buskerud.

Uhlen var fødd i Snarum sokn i Modum. Han var gardbrukar på farsgarden, og var elles lensmann i Modum.

Uhlen var 1. representant frå Buskerud til Stortinget i 1815-16. Han var medlem av fem komitear; om land-, skog- og bergvesen, om sagbruk for utskiping, om bergverkslova og Kongsberg sølvverk og om bondestandens næringsfridom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]