Kristoffer Rein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristoffer Rein
Fødd 18. februar 1912
Stadsbygd
Død

18. juli 1993 (81 år)
Stadsbygd

Yrke politikar, bonde

Kristoffer Rein (18. februar 191218. juli 1993) var ein norsk gardbrukar, politikar og historiegranskar frå Stadsbygd i dagens Rissa kommune i Sør-Trøndelag. Han representerte Kristeleg FolkepartiStortinget i tida 1961-73 og var fylkesordførar i Sør-Trøndelag 1976-79.

Rein var fyrstefødde son til gardbrukaren på Rein i Stadsbygd. Han arbeidde på farsgarden til han tok over eigedomen i 1950 og dreiv den til 1989, bortsett frå åra 1932-34 då han gjekk Skjetlein jordbruksskole i Melhus.

Rein tok på seg ei rad verv og oppgåver i heimbygda Stadsbygd. Han var formann 1938-46 i forsyningsnemnda og i jordstyret 1948-56. Frå 1947 til -51 var han varaordførar i Stadsbygd, perioden 1956-62 sat han med ordførarklubba. Åra 1952-63 var han formann i Rissa og Stadsbygd kraftlag. Seinare var han formann 1973-76 i Stadsbygd sokneråd. Elles engasjerte han seg i fråhaldssaka og var landsstyremedlem i Det Blå Kors 1962-76, og styremedlem i Avholdsfolkets landsnemnd 1966-70.

Hausten 1961 vart Rein vald til å representere Sør-Trøndelag og Kristeleg Folkeparti på Stortinget. Med to attval kom han til å sitje på Tinget til 1973. Den fyrste fireårsbolken var han medlem i Militærkomiteen, sidan 1965 sat han i Kommunalkomiteen. Ved EF-valet 25. september 1972 røysta han ja til norsk medlemskap i EF. Då fylkespartiet skulle setje opp stortingsvallista 1973 vart han vrak frå fyrsteplassen, til fordel for nei-mannen Jens P. Flå.

I den fyrste perioden med direktevalt fylkesting, 1976-79, var Rein fylkesordførar i Sør-Trøndelag.

Rein gav ut åtte bøker med lokal historie, og åra 1976 til -82 var han styremedlem i Landslaget for by- og bygdehistorie.

Elles var Rein frå 1974 til -78 medlem i Forsvarskommisjonen av 1974.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]