Kristpalme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristpalme
Kristpalme
Kristpalme
Utbreiing
Utbreiinga av Kristpalme
Utbreiinga av Kristpalme
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Vortemjølkfamilien Euphorbiaceae
Underfamilie: Acalyphoideae
Stamme: Acalypheae
Understamme: Ricininae
Slekt: Ricinus
Art: Kristpalme R. communis
Vitskapleg namn
Ricinus communis

Kristpalme eller oljeplante (Ricinus communis) er ein fleirårig plante som mellom anna kan brukast til utvinning av lakserolje. Planta er det einaste medlem av slekta Ricinus og av undertribusen Ricininae.

I tropane kan planten vekse til store tre på opp til 12 meter. Blada vert opp til ca. 60 cm i diameter. Blomsterstandene består av små hann- og hoblomster som avløysast av store piggete frukter med 3 frø i kvar.[1]

Frøar frå denne planten er kjende som kastorbønner. Olje vunne ut frå desse har mange bruksområde, blant anna i sjampo og balsam. Det giftige proteinet ricin kan også utvinnast frå planta, men er ikkje feittløyseleg, og finst ikkje i farlege mengder i olja.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

I Noreg dyrkar ein som oftast planten someittårig solitærplante, som kan verte ca. to meter høge på éin sesong. Kristpalme kan òg dyrkast som fleirårig plante dersom han står frostfritt om vinteren.

Hendingar i Noreg knytt til denne planten[endre | endre wikiteksten]

  • I 2007 vart planten fjerna frå gågata i Fredrikstad[2]
  • I 2011 døydde ein mann i Tromsø etter å ha laga stoffet frå kastorbønner.[3]
  • 2018 12. mars: Eit omfattende saneringsarbeid i ei leiligheit i eit privathus i Øvrelia på Paradis i Bergen då ein mann hadde freista laga ricin av kastorbønner frå kristpalme.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.dyntaxa.se/taxon/info/221990
  2. https://www.nrk.no/ostfold/dodelig-giftplante-fjernes-1.2937881
  3. https://www.nrk.no/troms/mann-dode-etter-a-ha-laget-ricin-1.7619972
  4. https://www.nrk.no/hordaland/sperrer-av-nabolag-etter-funn-av-potensielt-livsfarlig-stoff-1.13956909