Hopp til innhald

Kristrún Frostadóttir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristrún Frostadóttir

Fødd12. mai 1988 (38 år)
Reykjavík
Statsborgar avIsland
PartiSamfylkingin
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedBoston University
Yale University
FarFrosti Fífill Jóhannsson
Alle verv

Kristrún Mjöll Frostadóttir (fødd 12. mai 1988 i Reykjavík) er ein islandsk økonom og politikar (Samfylkingin). Ho har vore Islands statsminister sidan desember 2024. Frostadóttir har vore medlem av Alltinget sidan 2021 og har vore partileiar siden 2022.[1]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Frostadóttir har ein mastergrad i økonomi frå Boston University[2] og i internasjonale studiar frå Yale University.[3] I dei tre åra før valet til Alltinget var ho sjeføkonom i den islandske banken Kvika. Før det var ho blant anna sjeføkonom i det islandske handelskammeret ein kort periode.[3][4]

Frostadóttir blei vald inn i Alltinget ved valet i 2021.[2] Etter at leiaren Logi Már Einarsson ikkje stilte til attval som partileiar i 2022, var Frostadóttir den einaste kandidaten. Ho ble vald som hans etterfølgjar med 94,59 prosent av dei gjevne røystene.[5] Frå 2021 til 2023 var ho medlem av den islandske delegasjonen til Vestnordisk Råd.[2]

Ved valet i 2024 blei Samfylkingin det største partiet. Ved presentasjonen av koalisjonsavtala til alliansen med partia Viðreisn og Flokkur fólksins blei Frostadóttir utnemnd til statsminister. Ho var ved tiltredinga den yngste statsministeren i Islands historie. Samstundes var ho den yngste sitjende regjeringssjefen i verda.[6] Den nye regjeringa blei innsett på møtet i statsråd 21. desember 2024.[6]

Regjeringa til Frostadóttir var ved tiltredinga ei samlingsregjering beståande av det sosialdemokratiske Samfylkingin, det EU-vennlege og liberale Viðreisn og Flokkur fólksins. Sistnemnte parti er proteksjonistisk, mot EU-medlemsskap og for rettane til funksjonshemma. Regjeringa er den første islandske regjeringa som inkluderer fleire kvinner enn menn.[6][7][8]

  1. ↑ «Nå er Arbeiderpartiet størst på Island». frifagbevegelse.no (på bokmål). 6. februar 2024. Henta 23. desember 2024.
  2. 1 2 3 «Æviágrip: Kristrún Frostadóttir». Althing. Henta 26. november 2023.
  3. 1 2 «Kristrun Frostadottir, member of the Icelandic Parliament». Yale Jackson School of Global Affairs. Henta 26. november 2023.
  4. ↑ «Kristrún Mjöll Frostadóttir ráðin aðalhagfræðingur Kviku». Kvika. Henta 26. november 2023.
  5. ↑ «Kristrún Frostadóttir orðin formaður Samfylkingarinnar». Henta 26. november 2023.
  6. 1 2 3 Ragnar Jón Hrólfsson. «Ríkisstjórn Kristrúnar Frostadóttur tekur við völdum». Ríkisútvarpið. Henta 21. desember 2024.
  7. ↑ «Forgangsmál Flokks Fólksins». flokkurfolksins.is (på amerikansk engelsk). Henta 23. desember 2024.
  8. ↑ «Sie ist erst 36 Jahre alt: Sozialdemokratin Kristrún Frostadóttir wird neue Ministerpräsidentin von Island». Der Spiegel (på tysk). 22. desember 2024. ISSN 2195-1349. Henta 23. desember 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kristrún Frostadóttir