Krithovudbrillefugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krithovudbrillefugl
Krithovudbrillefugl
Krithovudbrillefugl
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Brillefuglar Zosteropidae
Slekt: Zosterops
Art: Krithovudbrillefugl Z. leucophaeus
Vitskapleg namn
Zosterops leucophaeus

Krithovudbrillefugl (Zosterops leucophoeus) er ein fugl i brillefuglfamilien av ordenen sporvefuglar.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Utsjånad og læte[endre | endre wikiteksten]

Krithovudbrillefuglen er ein ganske stor og kraftig brillefugl. Han er for det meste lys med kvitaktig hovud og gråbrunt på vengene og halen. Han sest ofte saman med principebrillefugl, men denne er litt mindre og mykje mørkare. Blant lydane er lys skravling, framført i flokkar, og ein gjenteken "tsit-tit-cher-it-it" som song.

Utbreiing og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Fuglen finst berre på øya Príncipe i Guineabukta.[1] Han blir handsama som monotypisk, det vil seie at han ikkje er delt inn i nokon underartar.

Tidlegare vart han plassert i slekta Speirops saman med artane kvitpannebrillefugl, brunbrillefugl og svartkronebrillefugl. Genetiske studiar[2] viser likevel at dei dels er innebygde i den store slekta Zosterops, og dels at dei ikkje er kvarandres næraste slektningar. I dag er dei vanlegvis inkludert i Zosterops.[1][3]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Krithovudbrillefuglen sest i skog og plantasjar i små til store grupper. Han følgjer ofte med i flokkar av blanda artar.

Status[endre | endre wikiteksten]

Krithovudbrillefuglen har eit svært lite utbreiingsområde og bestandsutviklinga er uklår. Han blir likevel ikkje rekna som trua. IUCN kategoriserer arten som livskraftig. Bestanden er berekna til mellom 4300 og 8200 vaksne individ.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, D. Roberson, T. A. Fredericks, B. L. Sullivan, and C. L. Wood (2015) The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 2015 http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download, henta 2015-08-11
  2. Moyle, R.G., C.E. Filardi, C.E. Smith, and J. Diamond (2009a), Explosive Pleistocene diversification and hemispheric expansion of a “great speciator”, Proc. Natl. Acad. Sci. 106, 1863-1868.
  3. Rasmussein P & D Donsker (Eds). 2020. IOC World Bird List (v10.1). doi :  10.14344/IOC.ML.10.1.
  4. Birdlife International 2019 Zosterops leucophoeus Frå: IUCN 2019. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2019.3. Henta 11. februar 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Krithovudbrillefugl