Kritikkbombardering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kritikkbombardering eller kritikkstorming (engelsk: review bombing) er eit internettfenomen der eit stort tal personar legg att negative brukaromtalar på verdsveven. Målet kan vere eit publisert verk, eit føretak, eit produkt eller ei teneste, og kritikkbombarderinga er utført i eit forsøk på å skade salet og populariteten. Medan kritikkstorming kan vere eit resultat av at kundar kritiserer den låge kvaliteten til eit produkt, kan det i nokre tilfelle knytast til det ein oppfattar som politiske eller kulturelle problem med produktet, leverandøren eller relaterte emne. Dette er ofte gjort for å trekkje merksemda til ålmenta mot problemet, særleg dersom leverandøren ikkje har ein open kanal for kommunikasjon og framstår som lite responsiv til direkte tilbakemeldingar, men kan òg fungere som eit middel for tvang eller trolling. Kritikkbombardering deler karakteristikkar med cancel culture.

Omgrepet er hovudsakleg knytt til aggregatnettsider for omtalar og app-butikkar, som Steam, Metacritic, IMDb og Rotten Tomatoes. Nokre av aggregatsystema har utvikla botemiddel for å identifisere og hindre kritikkbombardering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]