Kritisk snøggleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kritisk fart)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kritisk snøggleik er den farten der ei rørsle kan verte farleg for ein teknisk konstruksjon. På grunn av resonans kan ein særskild fart eller eit særskild turtal av ein roterande aksel skape svingingar som kan føre til brot.

Kritisk fart vert òg nytta om straumfarten som endrar ein straum frå laminær til turbulent straum, det vil sei frå reit straumlinje forma til straum med virvlar.

Farten der eit fly går frå underlydssnøggleik til overlydssnøggleik, altså i det flyet «passerer lydmuren», vert òg kalla kritisk fart. Kreftene som verkar på flyet aukar då kraftig, samtidig som dette byrjar å sende ut ein skarpt avgrensa konisk bølgjefront, ei sjokkbølgje, omtrent som frå baugen av eit skip på vatn. Han gjev det karakteristiske smellet frå lekamar som rører seg med overlydsfart (geværkule, supersonisk fly).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]