Kritisk massetettleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kritisk massetettleik er den gjennomsnittlege tettleiken av materie i universet som gjer at ekspansjonen til universet stoppar opp ein gong i uendeleg fjern framtid. Dess meir masse det finst i universet, dess kraftigare bremsar gravitasjonen ekspansjonen. Om massetettleiken er større enn den kritiske massetettleiken, så vil ekspansjonen etter kvart gå over til ein kollaps, men om tettleiken er mindre enn den kritiske, vil ekspansjonen aldri stoppe. Ein har berre observert massetettleik frå den lysande materien, og denne er berre kring ein hundredel av den kritiske massetettleiken. I følgje teorien skal derimot universet ha tilnærma lik tettleik som den kritiske massetettleiken. På grunn av måten galaksar roterer på, tyder det på at det finst store mengder mørk materie i universet. Tettleiken til denne mørke materien, og kva han består av, er framleis ukjend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Grøn, Øyvind (14. februar 2009), «Kritisk massetetthet», Store norske leksikon, henta 13. august 2014