Krivošije

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krivošije-stammefolk i ei skisse frå 1885.

Krivošije er eit høgt platå aust i fjellet Orjen (1 894 moh.) i Montenegro, nær Kotorbukta. Over heile platået er det avleiringar frå isbrear etter den siste istida. Krivošije er eit av dei våtaste områda i heile Europa.

Krivošije har historisk lege på møtestaden mellom tre land - Fyrstedømet Montenegro, Austerrike-Ungarn (tidlegare Republikken Venezia) og Det osmanske riket.[1]

Krivošije hadde vore under Austerrike-Ungarn som ein del av Dei illyriske provinsane sidan Wienerkongressen i 1814, oppstod det i 1869 eit lokalt opprør i den ortodokse folkesetnaden som slo ein styrke frå den mektige austerriksk-ungarske hæren. Austerrike-Ungarn gav opp forsøket på å roe opprøret, men vende tilbake i 1881 og tok tilbake området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Luković 1951, s. 96.
Bibliografi